Dette var ei veke etter påske og det hadde vore kaldt i vêret, men nå var det på veg til mildare vêr. Dei sov både i Tafjord, i Fjørå, på Sylte og dei andre fjordbygdene og visste ikkje noko om den katastrofen som skulle kome. På nordsida av Tafjorden, om lag 3 km inn frå Fjørå, ligg Heggurda. Ho er bratt og ulendt med mykje stor stein. Over Heggurda hang Langhammaren, ein fjellnut rundt 200 meter brei. Folk hadde lenge frykta denne Langhammaren, for i bakkant var det ein sprekk som utvida seg. Natt til denne laurdagen kom han og reiv med seg all steinen i Heggurda ut i sjøen. I den framifrå boka som Astor Furseth har skrive om tragedien, ”Dommedagsfjellet”, står det at det var rundt 3 millionar kubikkmeter masse eller 8-10 millionar tonn stein som fall i sjøen den natta. Resultatet vart at store bølgjer forplanta seg både innover og utover fjorden. Dei hadde stor fart og med ein kraftig vind framfor seg. Størst skade gjorde bølgjene i dei to næraste tettgrendene, Tafjord og Fjørå. Høgaste bølgjehøgd er målt  200 meter aust for raset på same sida av fjorden. Der var bølgjehøgda over 62 meter. Inne i Tafjord var bølgjene nesten 15 meter høge. 


Nr. 075t Kyrkjebåten T.jpg

Fjordbåten "Tafjord" låg ved kai i bygda den hadde namnet sitt frå. Båten vart føyst eit par hundre meter opp på land. Foto utlånt av Astor Furseth


Ei historie er det som hende med reisandebåten "Mercur II". Om bord båten låg tre menn og sov. Ein av dei var skippar og eigar Nils Bildøen frå Ålesund. 38 år seinare fortel han om oppleveinga: Vi kom til Valldal ved middag 6. april 1934, fortøyde båten som vanlig ved kaien  Sylte i Valldal. Klokken ca. 5 minutter over 3 natt våknet jeg ved p bli slengt over til andre siden av lugaren i halvsvime, båten var da slengt opp over en mur ved siden av kaien og rev ned et skur for Tafjord El-verk. Jeg kom meg opp i rorhuset og åpnet begge dører for eventuelt å hoppe ut. Plutselig gikk sjøen tilbake og båten ble hengende uten bunn. Den vippet så ut i sjøen igjen og ble liggende tørr ca. 20 meter fra kaien. Nå fikk jeg opp de to andre som var mer og mindre i ørske av slag. Båten ble så slengt på land og rev ned 2-3 naust som eides av gårdbrukere oppe i dalen. Båten ble slengt ut igjen enda lenger enn første gang, og for tredje gang ført mot land igjen med ganske sakte fart. Det kom nå rekende en del El-verk stolper som de to andre kom seg ned på og som heldigvis gikk mot land. Jeg kastet meg i sjøen og fikk fatt i to stolper, men disse satte seg i bevegelse utover, jeg slapp taket og begynte å svømme mot land. Nå kom atter en bølge som slengte båten på land, gjennom en garasje med bil og havnet i en potetåker 76 fra høyvann. Sjøen sto i to minutter før den tilslutt trakk seg tilbake.

Mercur II var hardt skadd, men vart likevel reparert. Du kan lese heile brevet som Nils Bildøen skreiv i 1972 i Norddal Bygdebok band 3 side 198.


Mercur på land.jpg

Reisandebåten M/S "Mercur II" som vart slengt fram og tilbake over kaia i Valldal av flodbølgene.



Nr. 066t Tafjordgravferd.jpg

Tafjordgravferda. Foto utlånt av Astor Furseth.


Som dette bildet viser etterlèt bølgjene seg ei slagmark i Tafjord, alt var splintra. I Tafjord miste 23 menneske livet, av desse var ni barn. I Fjørå gjekk 17 menneskeliv tapt, og av desse var ni barn. Til saman 40 menneske vart rivne bort denne natta.

Flodbølgjene gjorde stor skade også på Sylte i Valldal. Naust og båtar gjekk tapt utover heile fjorden. Både på Hellesylt og i Geiranger vart det skade på småbåtar, og i Stordal slo tre meter høge bølgjer inn mot stranda knappe ein og ein halv time etter raset og gjorde skade både på båtar og fiskereiskap. Verknaden av flodbølgjene kunne merkast heilt inn i Hjørundfjorden.

Ein stor dugnad kom raskt i gang langs fjorden med sikte på å leite etter overlevande eller omkomne. I båtar kom dei både frå Valldal Stranda og andre bygder. Doktor Torgersen på Stranda og doktor Dørge i Norddal reiste innover for å ta seg av dei skadde. Dei fekk lite å gjere. Dei overlevande hadde greidd seg utan nemnande skader, og av dei 40 som omkom var det berre åtte av dei 23 omkomne i Tafjord og berre to av dei 17 omkonne i Fjørå som vart funne att. Det vart så altfor få kister å bere og graver å sjå til for dei etterlatne. Det gjorde nok sorga endå større.

Medkjensle frå heile Europa

19 04 11 gravfølge 2.png


Gravferdsfølgjet frå Tafjord som vart frakta i båt ut til Dale kyrkje. Gravferdsfølgjet frå Fjørå vart frakta til Valldal fordi bygda høyrer til Valldal sokn.


Tafjordulukka natt til laurdag 7. april 1934, då Heggura i Tafjorden rasa ut og skapte flodbølgjer som tok livet av 23 menneske i Tafjord og 17 menneske i Fjørå, Berre åtte av dei 23 omkomne i Tafjord og berre to av dei 17 omkonne i Fjørå som vart funne att. Det vart så altfor få kister å bere og graver å sjå til for dei etterlatne.  På dette bildet blir dei åtte kistene frå Tafjord frakta ned til båten som skulle ta dei ut til Dale kyrkje i Dalsbygda. Dei to kistene frå Fjørå vart etter gravferda i Dalsbygda frakta over fjorden til Valldal kyrkje og gravlagd der som følgje av at Fjørå høyrde til Valldal kyrkjesokn. Fleire tusen møtte fram gravferdsdagen, og mediedekninga i alle dei største avisene var stor.

På mange måtar var Tafjord-ulukka ei av dei store mediehendingane før krigen. Aftenposten kom med fly, og det var første gong eit fly landa i Tafjord. Etter telefonisk kontakt på førehand vart det konkludert med at det var for farleg å lande med sjøfly i fjorden på grunn av alt vrakgodset. Dermed sette dei ski på understellet og flyet landa på isen på Onilsavatnet. Også Norsk Telegrambyrå sende eige fly til Tafjord, og skiløparen Sigurd Langedal gjekk på ski over fjellet og ned Trollstigvegen for å få film og avisartikkel med nattoget frå Åndalsnes. Aftenposten kom med ekstrautgåve denne laurdagen, og også avisene i utlandet ringde ned sentralane på jakt etter opplysningar. Fleire skreiv leiarartiklar med sympati. Ekskeiser Wilhelm II som var i eksil i Nederland, sende telegram med kondolanse, men der han også sa seg lei for at han no ikkje lenger var i stand til å gi ei hjelpande hand.

Noko naturskadefond fanst ikkje den gongen, men det vart sett i gong innsamlingsaksjonar i heile landet, og også i utlandet. Det kom inn 500.000 kroner, ein stor sum i 1934, og innsamlinga i Aftenposten sto åleine for 300.000 av desse kronene. Det vart altså samla inn meir enn det som vart den endelege skadetaksten. 200 personar fekk erstatning, men framleis sto det over 100.000 kroner att av dei innsamla midlane, og desse gjekk inn i det nyoppretta Tafjord-fondet som hadde som formål å yte større til «skadelidte ved Tafjord-ulykken og andre naturulykker innen Norddal herred». Fondet skapte nok ein del strid, med det vart delt ut mindre summar gjennom åra, men i 1972 vart fondet avvikla, og restkapitalen på 60.000 kroner vart overført til kommunekassa i Norddal, skriv Astor Furseth i dei to framifrå bøkene han har gitt ut om ulukka. 


Harald Kjølås