ULYKKER PÅ STORFJORDEN

OG HAVET 

  av Astor Furseth

I løpet av dei 300 siste åra­ drukna i alt meir enn 300 personar i Storfjorden.

Av desse drukna 75 av skredhendingar i fjorden.

Storfjordfolk som drukna på havet: meir enn 50 personar. 

Det er i dette oppsettet forsøkt å skilje mellom hendingar i Storfjorden og hendingar utanfor, t.d. på kysten (havet). Men det kan i fleire høve vere vanskeleg å skilje mellom drukningar i sjølve Storfjorden og dei som drukna under fiske/ferdsel utanfor fjordområdet. Kyrkjeboka er ofte kjelde til desse hendingane, og kan nokre gonger berre ha innført: ”druknet”.
Det ser ut til at presten førte inn informasjon om det var drukning i elv. Også drukningar i vatn vart vanlegvis nemnde særskilt, men vi kan ikkje utelukke at nokre av hendingane i denne lista skjedde her.
Opplysningane, særleg for 1700-talet, er mangelfulle. Dessutan er det ikkje sikkert at dødsfallet vart innført dersom den som drukna ikkje vart funnen att. Denne oversikta er heller ikkje fullstendig. Talet på drukningar er såleis høgare enn det som her er oppgitt.
 
Drukningar i Storfjorden på grunn av skredhendingar:
1701:    7
1731:  17
1808:    4
1817:    2
1827:    1
1888:    1
1895:    1
1909:    1
1934:  40
2005:    1
________
I alt:    75


Oversikt over alle drukningsulykkene på sjøen

 

1700-talet:

Om lag 70 (av desse 10-15 på havet). Dei største var Skafjellulykka i 1732 med 17 omkomne, Prestheller i 1701 med minst 7 omkomne.

 

1800-talet: Om lag 220 (av desse 30-40 på havet) Dei største forlisa skjedde i 1862 ved Syltefjellet rett utanfor Valldal, der 7 drukna. Og i Skaffarulykka 1887, der det også drukna i alt sju personar, ikkje så lang frå plassen Uren.

 

1900-talet: I alt om lag 75 (av desse minst 3 på havet)

Den største ulykka hende ved tsunamien etter fjellskredet i Tafjorden i 1934, då 40 døde.

 

2000-talet 2

 

 

Drukning – ei dramatisk side ved kampen mot naturkreftene.

 

Til alle tider har Storfjorden vore ei ferdselsåre – i eldre tid var fjorden riksveg nr. 1, og vart betrakta som den lettaste og mest praktiske reisevegen. I våre dagar er fjorden derimot blitt ei hindring, skaper ferjekøer, forseinkingar og skilje, får folk til å legge kostbare planar om bruer og undersjøiske tunnelar for å betre kommunikasjonen. Men i eldre tid var det akkurat omvendt – fjorden batt folket saman.

 

Kors-stadene

Rygh: Gaardsnavne: Korsnavnene skyldes mange ganske forskjellige Anledninger, der et ved eller på stedet anbragt Kors. Der har været mange saadanne Kors reiste omkring i Landet i Fortiden, anbragte i meget forskjellig Hensigt. Andre Kors vare Gravminder eller vare satte til Erindring om Begivenheder, forefaldne paa Stedet.

 

 

Korsneset

Det kunne hende at det vart sett opp eller rissa inn kors der ei ulykke hadde skjedd. Det finst 14 slike Korsnes-namn berre i Møre og Romsdal. I Noreg, Korsen: 7, Korsnes: 72, Korsberg: 27

    Såleis også i Storfjorden. Mange er omspunne av segner.

   Korsnes gard (nr. 45) ligg på ei hylle på sørsida av Tafjorden. Her har det budd folk i 400 år Namnet har truleg med ei gammal ulykke å gjere. Det skarpaste neset rett nedanfor garden heiter Korsberget, og der skal ha stått eit kors til minne om eit forlis utanfor. Segna seier det var eit brudefølgje som gjekk ned på veg attende til Tafjord. I ca. 1850 fekk ein fiskar eit gamalt brudebelte på kroken, rett utanfor berget. Slik blir det fortalt, og beltet er borte no. Truleg var det Kaste-Magnus som fann dette. Korset er forlengst opprotna. Men tradisjonen og stadnamnet lever. (informant Sander Korsnes – Leonard Tafjord: Gardssoga for Norddal)

 

Korsen

Korsen i Geirangerfjorden er også ei stadnamn som er kome til med bakgrunn i ei drukningsulykke. Denne ulykka blir sett i samband med heksa Anne Hellebostad på Hellsylt. Ein gut i Geiranger sveik henne, meinte ho, og han trulova seg med ei jente frå heimbygda - det lova Anna skam over. Då dette paret var på veg til vigsla i Stranda kyrkje, rodde dei på blankstilla heim att. Då sette Anna seg framfor ei skål i ein vasstamp, sett seg på huk og dreidde skåla rundt og rundt til ho sokk: No kavar ho gullkrune!” Akkurat då vart brudebåten komen til Syltevik, veret slo brått om og kvelvde båten. Dei nygifte og brudefølgjet drukna, og staden var heitande Korsen. Eit raudt kors stod der i eldre tid – i dag eit kvitt kors. Og alle som ror forbi der kjenner gufsen eller Korsvinden frå Anne Hellebostad, som vart avretta i 1615. Også andre ulykker her (t.d. 1866). (Vargtid: Astor Furseth, Universitetsf. 1995)

 

 

1700-talet

Dei store flodbølgjene

 

Korsmerka Prestheller – den første drukningsulykka som vi har sikre kjelder om.

Prestehellaren.jpg
Korsen og namnet på presten Harboe blir halde vedlike ved nye målingsstrøk. Det var på fjorden her fonna eller eit steinras tok prest, klokkar og skysskarar første pinsedag 1701.


28prest.jpg
Med dugnadsinnsats, også frå ferjemannskapet, held dei målinga av minnesmerket i hevd.


1701. 1. pinsedag (15. mai) i 1701 kom Prestfonna ved Prestheller på vestsida av Sunnylvsfjorden, tett utanfor Ytste Åkrerneset. Norddalskappelan Knut Harboe omkom, også klokkar Oluf Eriksen på Relling, og saman med presten drukna fem av båtmannskapet, medan ein rorskar berga seg. Eit stort fjellskred frå vestsida anten tok båten direkte eller laga tsunami som velta båten, slik at nesten alle drukna. Minst 7 døde (vi veit ikkje kor mange som var med i båten). Her er det også måla eit kors på berget der ulykke skjedde, men staden har ikkje fått kors-namn, kallast den dag i dag berre for Prestheller. (Sunnylven og Geiranger bind 1: P.A. Lillebø, 2. utgåve ved Stranda Sogelag 1999 s. 55  - Johan Fr. Lampe: Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Kristiania, 1895 – Furseth, Astor: Presthellaren i Sunnylvsfjorden, Tidsk. For Sunnm. Hist. Lag 2003 s. 19-28) SKRED

 

1727. Norddal. Knud Joensson Raten som budde i Viken drukna på fjorden, og det var skifte etter han den 21.6 same året 1727. (Ætteboka s. 919)

 

1729. Norddal. Peder Nielsson Veiberg (på Oppigard) tente hos verfaren sin Arne Hessegjerde, også på Veiberg. Peder omkom på sjøen (truleg på fjorden), og det vart skifte etter han 14.4. 1729. (Ætteboka)

 

Nr. 1243t Ura.kyrkjeebok.jpg

Nr. 1097t Skafjellet A (1).jpg
Minnestein over dei som omkom i Skafjellulykka står på kaia på Sløgstad. Også eigen artikkel om denne ulykka på denne sida.



1731. Stranda. Liabygda. Rammerfjell vart endra til Skafjellet 8. januar 1731. Neset og garden Uren rett under fjellet, forsvann, 17 miste liv av den store fjellskredet, mellom desse alle fem småborna på Uren, og fire vaksne på Kjølåsvika. Utrasingskanten var truleg ca. 500 moh. Flodbølgjene gjorde store materielle skader på Stranda, m.a. på kyrkja som etter dette måtte rivast, og på naust/båtar på strandgardane. Ei jekt vart kasta heilt opp i kyrkjegarden. Etter ei reiseskildring av Latocnaye i 1799 var bølgjene over 100 fot høge. (Hans Strøm: Fogderiet Sundmør, bind 1,2, 1762-66  - Helland, Amund: Norges Land og Folk, bind 15, 1.del. Topografisk-statistisk Beskrivelse over Romsdals amt, Kristiania, 1911 s. 192 – Skafjellet: Jan Olav Dimmen. Strandaminne, Stranda sogelag 1996 s. 93-102 - Tocnaye, Jaques-Louis de la: En franskmann i Norge i 1799, Cappelens Forlag, Oslo 1980  - Narve Ringset: Garden på sjøbotnen, særarbeid i historie, 1973 - Skredulykker i Norge: Astor Furseth, Tun Forlag 2006 s. 150  - Kyrkjeboka for Ørskog 1731) SKRED

 

1735. Ørskog. Ole Kolbensen Sollid omkom på sjøen i 1735. (Ættebok for Ørskog s. 502)

 

1760. Sykkylven. Erik Knutsen Ramstad f. 1699 drukna 23.7. 1760. Det at Erik drukna vart  teke opp på tinget i Borgund 30.7. 1760. Vitne fortalde at Erik var tungsindig, hadde hatt «anfektelser». Bendik Klokk hadde sett korleis det gjekk til: «Erik løp frem og tilbake opp på en stor sten og ned igjen, som en gal mand, og så hoppet han i sjøen.» Bendik sprang for å redde han, men kom for seint. Størker Nilssen Ramstad, svoger til Erik, leverte attest frå presten Astrup. Det vart bestemt at Erik skulle gravleggjast på kyrkjegarden, men utan seremoniar. (Sykkylven Gardssoga 4: Martin Gjævenes, 1983, s. 29)

 

1762: Kyrkjebok -Stranda-Stordal

KyrkjebokStranda.Stordal 1762 s.364.jpg


1762. Stordal. Dyrkorn. Den 26. september 1762 vart gravlagd  Michael Knudsen Dyrkorn, 25 år gammal og Knud Michelsen Nedre Dyrkorn, 52 år gammal. Om begge står det: ”drugnet”. Og den 3. oktober 1762 vart jordfesta Ane Jacobsatter, ”tiente paa Dyrkorn, drugnede tillige med de 2de føranførede, gl, 43 aar.” Dvs. tre personar omkom i denne hendinga som synest å ha skjedd her på fjorden. Sjå faksimile. (Kyrkjeboka for Stranda Stordal sokn 1759-1801 s. 364)

 

1766. Stordal/Stranda. Den 6. april 1766 vart ført inn i kyrkjeboka; ”Aschild Torsen Medbust gl. 36 aar og ungkarl soldat Jacob Larsen Stavdalen, gl 21 aar, de vare begge drugnede for Flisnesset og begravne i Borgens kirkegaard.” (Kyrkjeboka for Stranda Storddal sokn 1759-1801 s. 366)

 

1768. Stranda. Den 3. juli vart gravlagd ”Ole Erichsen Overaaes qvinde Olea Jonsdatter, der muligens havde drugnet sig selv: efter den ektemandens mundtlige tilladeles til mig nu paa s… Lieget her paa Langeloe - hun blev borte den 12 mai Christi himmelfarts Dag.” (Kyrkjeboka for Stranda/Stordal 1759-1801 s. 135)

 

1770. Sunnylven. Åsen. Halkjell Andersen frå Andersbruket, f. 1746, drukna i 1770. Manglar informasjon om hendinga. Finn ikkje noko om dette i kyrkjeboka.  (Gardssoge Sunnylven og Geiranger, bind 2: Lillebø, s. 28)

 

1770. Norddal. Iver Iverson Grønningsæter, gift med Maritte Børresdotter, og dei hadde 8 barn. Iver var fødd i 1724, ein kjend bjørneskyttar, og det blir fortalt at han drukna ute på sjøen ved Syltefjellet i 1770. I kyrkjeboka står ingen dødsårsaker, men han vart gravlagd palmesundag (8. april) 1770, og vart 47 år gammal. (Ætteboka s. 233 - Kyrkjeboka for Norddal 1769-1773 s. 6)

 

1771. Stranda. Den 21. april 1771 vart gravlagd Lars Stenersen Habbostad, 24 år, og Peder Olsen Svee 18 år. ”Begge disse drenger drugnede ved kuldsejling i vaarfisket den 20de Martii.” Kvar dette hende, er ikkje kjent, truleg ute på kysten. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 136)

 

1774. Norddal. To menn drukna i april dette året og vart gravlagde Dom. Jubilate 1774, dvs 3. sundag etter påske, 24. april. Det var Ole Olsen Omenaas (32 år), gift, frå Framgarden på Omenås, og Endre Olsen Øyen, den siste var ungkar og 20 år gammal. ”begge omkom paa søen i vaarfiske,”  Også ungkar Erich Olsen (32 år) frå ”Øjene” omkom ved drukning på sjøen denne tida. Sikkert i same hendinga. Dvs. tre omkom. Og dette skjedde truleg ute ved kysten (Vigra, Ålesund), og ikkje her i fjorden. (Kyrkjeboka for Norddal 1774-1816 s. 134)

 

1774. Sykkylven. Klokk. Den 25. september 1774 vart gravlagd Bendict Paulsen, 62 år gammal. Med bustad på Klokk: ”der døde ved at han faldt i søen”. (Kyrkjeboka for Ørskog 1773-1809)

 

1775. Stranda. Den 18. april 1775 vart gravlagd strandboeren ”Peder Resett, 75 år gammel, som maa antas at have drugnet sig selv derved    ..retten… staar .. tilkiendt at begraves som andre døde”. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1901 s. 139)

 

1776. Stordal. Den 30. april 1775 vart gravlagd på Harams kyrkjegard Cornelius Pedersen Vinje, ”som kuldseijlede og strax døde, gl. 67 aar”. Dette skjedde nok ikkje i Storfjorden. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 370)

 

1776. Norddal. Erik Arnesson Øyen (Øyna) omkom på sjøen, i april 1776, 29 år gammal. Han var gravfesta 28.4. ”Omkom paa søen.” Det er ikkje kjent kvar. Men truleg her på fjorden. (Kjelde: Ætteboka s. 982  - Kyrkjeboka for Norddal 1774-1816 s. 134)

 

1778. Stordal. (På havet). Den 19. april 1778 vart gravlagd ”Jon Knudsen Rødsetsæter, som drugnede i vaarfisket d. 18. mars gl. 28 Aar.” Truleg ute ved kysten. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 371)

 

1778. Stordal. (Harøya) Den 10. januar 1879 vart ”gravfestet Ole Christophersen af Medbust som de 30. nov. drugnede paa havet ved Harøen i Romsdalen gl. 23 aar”. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 371)

 

1779. Stordal. Kastet jord på Sjur Pedersen Løset, 33 år gammal, ”døde af det hand gikk i kuld i Ullavigen i Nordoyene(?), gravlagd 6. april.” Dette må ha vore i Ullavika i Sykkylven. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 372)

  Stordal. Den 2. april  kastet jord på ungkar ”Sivert Hansen Fostervold drugnede d. 27 marti ved Lanmundsen? gl. 35 aar, gravl 6. april. Same sted og tid d. 27 martii drugned manden Olle Siursen Moe gl. 55 Aar, gravfestet d 6. april”.

   ”same tid og sted drugnede drengen Mons Pedersen Øvrebust, gl. 20 aar; gravfestet 6. april”

  ”gravfest dreng Ole Christophersen af Medbust, Hove, d. 30, november 1779 drugnede paa havet ved Harøen i Romsdalen, gl. 23 aar”

”Alstaa 7 paa en dag gravfestet, hvor af de 5 vare omkommen paa søen.” Fire av desse synest såleis ha drukna utanfor Storfjorden. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 372)

 

1779. Stranda/Giske. Den 27. februar 1779: ”Drugnede ved Giske” den 27.2. 1779, gravfesta den 25.4. dreng Lasse Knudsen Røset. 27 år gammal. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 142)

 

1780. Stranda. Den 26. mai 1780 vart ”gravfestet mand Peder Pedersen Nedre Furset, gl: 36 Aar, drugnede ude paa havet d. 22 mars.” Altså truleg ikkje i Storfjorden. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 143)

 

1784. Sykkylven. Brunstad, Knud Pedersen, 21 år gammal, med bustad på Brunstad drukna i januar 1784: ”der omkom paa Søen” Kvar? (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1773-1809 s. 379)

 

1786. Stordal. Den 30. april 1786 vart gravfesta Joen Jacobsen Øvsteholmen ”blev paa søen den 18 martii”. Truleg på fjorden. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 376)

 

1786. Sykkylven. Midtgård. Baar Olsen, 22 år gammal frå Midtgård: ”NB denne dreng omkom paa søen d. 11. maj i et stormende vejr.” Det er ukjent kvar dette skjedde, truleg på fjorden. (Kyrkjeboka for Ørskog 1773-1809)

 

1788. Sykkylven. Den 6. april 1788 vart gravlagd Ole Jørgensen, 24 år gammal, med bustad på Hellen, og på same tid Peder Olsen, 36 år, frå Erstad: ”disse 2 omkom paa Søen i Søkelven” (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1773-1809 s. 301)

 

1789. Stranda/Sunnylven, Ivar Olsen Oxvik (1722-1789) frå Ivarolagarden på Stranda. (gift med Gurid Nilsdtr. Furset). Det blir sagt at Ivar drukna i 1789 i Sunnylvsfjorden då han var med å frakte ein sylvskatt. Gravferd var 9. januar, så dette må ha skjedd nokre dagar før. Det er ikkje ført opp dødsårsak i kyrkjeboka. (Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 93 - Kyrkjeboka for Stranda 1757-1801 s. 148)

 

1789. Stranda. Den 19. november 1789 vart gravlagd Salmon Knudsen Langeloe, 27 år gammal: ”død paa søen eller druknet”: (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 148)

 

1789. Stranda. Salmediktaren og læraren Nils Olsen Sve (Sve-Nils) frå Ous drukna utanfor Vidhammar berre 30 år gammal i januar 1789. I kyrkjeboka står det berre at den 18. januar 1789 vart gravlagd  Niels Storem, 30 år. Han budde/var lærar på Storheim i Stordal på denne tida? (Kyrkjeboka for Stranda 1757-1801 s. 377  - Jostein Sande: Farne tider, 1989)

 

1789. Stordal? Den 6. juni 1789 vart innført i kyrkjeboka at ”drengen Peder Larsen Lødset, formodentlig i søen af Holmejagten udfalden og bortkommet.” Det er uvisst kvar dette skjedde. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 377)

 

1791. Stranda. Den 29. mai 1791 vart gravlagd Jens Knudsen Hessegierde, 59 år gammal; ” I … ved kyndilsmesse omkom paa søen da baaden kulseglede i …. Kave?”. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 150)

 

1791. Stranda, på båtreise til Trondheim? Den 3. mai 1791 vart gravlagd i ”Frue kyrkje” i Trondheim: ”Dræng Lars Larsen af Staffsæng, som omkom i søen ved at falde udaf Jagten”. Truleg ikkje på våre trakter. (Kyrkjeboka for Stranda 1759-1801 s. 150)

 

1791. Sykkylven. Erstad. Lars Monsen, 52 år gammal frå Erstad døde i januar 1791 (gravfesta 2.2.) ”der omkom paa søen”. Kvar? (Kyrkjeboka for Ørskog 1773-1809)

 

1792 (ca.) Norddal. Elling Olsson Berge (Bergslia) omkom på sjøen for 9-10 år sidan. (tingboka 10.4 1807).

 

1792. Sykkylven. Soldat Lars Thorsen, 27 år, frå Tue, drukna: ”omkom p. søen ved Kurset-Næsset”. Han vart gravlagt 1. januar 1793, så dette måtte ha skjedd i desember 1792. Kursetneset er tett nord for Hundeidvik. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1773-1809)

 

1794. Sykkylven. Lars Jørgensen 44 år gammal, frå Hole i Sykkylven drukna i april 1794 (gravfesta 16.4.) ”Omkom på søen” Det er ikkje kjent kvar dette skjedde, men truleg på fjorden. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1773-1809)

 

 

1800-talet

Dei største forlisa

 

 

1802.  Norddal. I Tafjorden. I året 1802 omkom ein kar (Knut Mortens. Hjelle) i Geitvika i Tafjorden. Han budde på Nerhus som husmann. Han var i robåt og vart teken av eit snøskred, 64 år gammal. Han var truleg på fiske i Geitvika då dette skjedde. Kyrkjeboka for Norddal manglar i tida 1775-1805. (Ættebok for Norddal: red. Terje Linge, del II, 1997 s. 561) SKRED

 

1803. Stordal. I 1803 drukna Knud Olsen, 63 år, frå Øvrebust i Stordalen. Gravferd 26. september 1803. ”druknet”. Dette måtte ha skjedd om lag den 20.9. 1803. (Kyrkjeboka for Stranda/Stordalen 1802-1825 s. 402)

 

1804. Sykkylven.  Ole 17 år drukna i Fauskevika medan dei henta rekved. (Sykkylven Gardssoga 1: Martin Gjævenes, 1983 s. 189)

 

1805. Stordal. Den 26. februar 1805 vart gravlagd Jon Persen, 34 år, med bustad på Øye i Stordalen. ”Druknet”. (Kyrkjeboka for Stranda/Stordal 1802-1825 s. 404)

 

1808. Norddal. Otterskinnet den 15. april 1808. Jon Nilsen, 51 år Fjørstad i Stranda, Carl Knudsen, Ringstad, Stranda, 36 år, Stener Matthisen, 26 år, Habbostad, Stranda, Ole Olsen Røyr, Stranda, 26 år. Dødsårsak i kyrkjeboka er: ”druknet” Men det er tilføyd: ”NB: Disse 4re Mennesker var reyst til Nordal til Kirke Langfredag, og samme Dag var den sidste Sted de blev seet i Yttredal, da de skulde reyse tilbage til Stranden, man formoder at det har været en Snefond der Løb mellem Otterskindet og Yttredal der har kantret Baaden for dem.” (Kyrkjeboka for Stranda 1802-1827, s. 158) SKRED

 

1808. Stordal. Den 11. mai 1808 (gravferdsdato?) drukna Jacob Arnesen, 40 år gammal, med bustad på Talberg i Stordalen: ”druknet”. Kvar? (Kyrkjeboka for Stranda/Stordalen 1802-1827 s. 405)

 

1817. Stordal. Den 6. juni 1817: Gardbrukar på Hol, Ingebrigt Larssen Hoel drukna på Stordalsfjorden ved Rønneset, 38 år gammal. ”blev borte på søen”   ”Drugnede”. (B.A. Grønningsæter, 1839 – kyrkjeboka for Norddal  1817-1834 s. 193  -  klokkarboka for Norddal s. 192)

 

1817. Norddal. Den 30. oktober 1819 drukna i Geirangerfjorden Sølfest Ingebrigtsen Slettebakk og Elias Arnesen Selboestad 36 år: Begge ”ble borte på søen”. ”Ble borte i Jerangerfjord”. (Kyrkjebok for Norddal 1817-1824 s. 194  - Klokkarbok for Norddal 1817-1829 s. 192)

 

1817. Stranda. Sunnylven. Den 10. mai 1817 gjekk Åkernesfonna stor ut i Sunnylvsfjorden. Peder Nilsson Ringdal (33 år) og drengen hans, Jacob Haugen Korsbrekke, 22 år,  kom i robåt på veg til Stranda, vart tekne av skredet eller tsunamien, og begge miste livet. ”blev borte paa søen af sneskrede ved Aakernæs”. Ingen av dei vart funne att og vart derfor ikkje gravlagde, men innført i kyrkjebka. (Sunnylven og Geiranger, bind 1: P.A. Lillebø, 2. utgåve ved Stranda Sogelag 1999 s. 60  -  kyrkjeboka for Norddal 1817-1834 s. 192  -  klokkarboka for Norddal 1817-1829 s. 190) SKRED

 

1819. Stranda. Den 2. april 1819: Ole Joensen Oxvigen (59), Arne Ellingsen Fremmerhus (34) frå Stranda: To omkom. ”disse ble borte paa en … Baad kommende frå Waarfiske gl var medens 3 mann til paa  Baaden disse ble med megen møje reddet”. Uklart kvar. På heimreise i fjorden? (Klokkarboka for Stranda 1817-1837 s. 96)

 

1820-åra: Norddal. Lars Syver Selboskar (fødd i Sunnylven 1796?) omkom ved drukning på Norddalsfjorden. Uklart. (B.A. Grønningsæters dagbok, 1839) Finn ikkje noko i kyrkjeboka.

 

1821. Sykkylven. Sykkylvsfjorden? 27. januar 1821 drukna Peder Jacobsen, med bustad på Erstad, 66 år gammal: ”omkom paa søeiisen”. ”druknede ved at gaae igiennem Søe-Isen”. Ingen gravferd.  (Kyrkjeboka for Ørskog 1816-1832 s. 202  -  kyrkjeboka for Ørskog 1816-1830 s. 102)

 

1822. Norddal. Den 4. februar 1822 drukna Lars Sjursen Seljeflotten, husmand 30 år: ”borte på søen”. Manglar opplysning om kvar. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Norddal 1817-1824 s. 204)

 

1823. Norddal. Ole Rasmusson Omenås, 40 år gammal, var brukar på garden, fødd i 1781, gift med Inger Døving og hadde to barn. Han drukna 6. juni 1823 på Norddalsfjorden saman med Nils Rasmussen Omenaas fødd i 1800, ugift tenestedreng (var det bror hans?). Truleg ikkje gravfesta. ”borte på søen”. Begge truleg i same ulykke? (Kyrkjeboka for Norddal  1817-1834 s. 208 -  Klokkarbok for Norddal 1817-1826 s. 208)

Obs. om broren Hans Martinus, 31 år gammal, som også døde i 1823 den 12. november. Av skadane etter ulykka?

 

1823. Stranda. 21. november 1823. Erik Magnussen FremmeFause (FremFausa)…??, 31 år. ”druknet da en O… vælvede Baaden” (Kyrkjeboka for Stranda 1817-1826 s. 102  -  Klokkarboka for Stranda 1817-1847 s. 103)

 

1823: Sunnylven. 16.12.1823. Haaver Nicolaisen Helsylt, husmann 50 år ”Borte paa søen”. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Norddal 1817-1834 s. 208)

 

1824: Norddal. Ole Pedersen Relling drukna på Norddalsfjorden 12. desember 1824. ”blev borte paa søen:  (B.A. Grønningsæter, 1839  -  kyrkjeboka for Norddal 1816-1834 s. 216)

 

1824. Norddal. Den 8. februar 1924 drukna Jens Knudsen Møklebust, 64 år gammal: ”død på søen”. Gravferd 13.2. Klokkarboka seier det same. (Klokkarboka for Norddal 1817-1829 s. 210)

 

1824. Norddal. Jacob Nielsen Linge, 56 år, drukna 14. oktober 1824. ”borte på søen,” Uklart kvar. (Kyrkjebok for Norddal 1817-1834 s. 212  -  Klokkarbok for Norddal 1817-1826 s. 214)

 

1825. Ørskog. 22. januar 1824 drukna Lars Monsen Walbøe, 33 år gammal, med bustad på Valbø. Gravferd 13.2. ”omkom i Søen paa Solnør-vigen ved at paa …. (uleseleg). ”omkom paa søen”. (Kyrkjeboka for Ørskog 1816-1832 s. 208  -  klokkarbok for Ørskog 1816-1830 s. 108)

 

1825. Sykkylven. Løvoll. Petter Karolus Jetmundsen frå Løvoll omkom den 20. mars 1825 ved drukning, 26 år gammal. ”omkom paa Søen.” Manglar informasjon om kvar dette skjedde. (Kyrkjeboka for Ørskog 1816-1832 s. 211)  

 

1825. Ørskog. Peter Jetmundsen Lande, f 1799, drukna på sjøen 30. mars 1825. Han budde på Øvre Lande. Gravferd 1. mai. ”omkom paa søen”. (Kyrkjeboka for Ørskog 1816-1832 s. 209  -  Ættebok for Ørskog s. 226)

 

1826. Norddal. Den 30. desember 1826 var Kristian Kaldhusdal (20 år) og Ingeborg Monsdotter Muldal (22 år) på båtreise til nyttårsdans framme i Valldalen. Kristian var felespelar, og Ingeborg kjærasten hans. Rett utanfor Syltefjellet vart robåten kasta rundt av ei vindkule. Begge drukna. Det var dårleg ver denne dagen. Båten dreiv inn til Grynnviksandane bortanfor Korsnes, og Ingeborg hang i humlebandet, slik fann dei henne att, men ein såg aldri Kristian meir att. ”død paa søen”. Gravferd 2.1.27 (Kyrkjeboka for Norddal  1817-1834 s. 222  -  klokkarboka for Norddal 1817-1829 s. 225 - Ætteboka)

 

1826. Norddal. Ingeborg Monsdotter Muldal, f. 1801 på Muldal, pike 22 år, omkom på sjøen vinteren i desember 1826, og vart gravlagd 21.1. 1827. ”død på søen”. Ho var ugift. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Norddal 1817-1829 s. 223)

 

1827. Sykkylven. Sykkylvsfjorden. Den 1. februar 1827 drukna 5 personar. Dette var Elling Hanssen (47 år) frå Straumsheim som saman med mor si Berte Ellingsotter (76 år), kona Sylvia (33 år) og to barna, Olava Sirene, 11 år, Hansine Berte, 5 år, skulle besøke bror hans på Tandstad. Dei gjekk sjøisen og  drukna ved ei råk ved Sandneset. Truleg var det snøkave og dårleg sikt. Alle vart funne att. ”alle disse 4 indstrægede tillige  … omkom paa søen ved at gaae paa iisen ….  ”omkom samtlige …søiisen 1. februar 1827.” Gravferd 25.2. (Klokkarboka for Ørskog 1816-1830 s. 111  - Kyrkjebok for Ørskog 1816-1842 s. 215)

 

1827. Stranda. Ved Hatlevikane. Ein vårdag 11. april 1827 (i klokkarboka står 6. april) var Ole Knutson Langlo, plassemann i Skigarden på Langlo, saman med ein annan i Hatlevikane ute ved Skotungane og sanka beite til buskapen. Då kom ei snøfonn og sopte karane mot sjøen, den eine berga seg under ein stein, medan den andre hamna i sjøen og drukna, dvs. Ole omkom, ”gammel 58 aar omkom ved et Sneskred og fandtes ikke.” Det vart inga gravferd. (Kyrkjeboka for Stranda 1817-1827 s. 178  -  Klokkerboka for Stranda 1817-1837 s. 105 -  Stranda Bygdebok I - Fonner på Stranda: Jan Olav Dimmen i Stranda-minne, Årsskrift for Stranda sogelag 1991, s. 21) SKRED

 

1827. Stranda. Jon Rasmussen, f. 1790, frå Jogarden på Helsem, drukna den 24. juli 1827 inne i fjorden. Gravferd 28.7. ”Denne dreng var stum og kunde ikke tale(?). (Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 124  -  klokkarboka for Stranda 1817-1837 s. 105)

 

1830. Standa. Den 16. mars 1839 drukna Rasmus Olsen (22 år) og Carl Arnesen (21 år), begge frå Framhus. ”begge omkom i en svær storm paa torskefiskeriet ved Aalesund. Deres Liig var ei gjenfundne.” (Klokkarboka for Stranda 1827-1864 s. 368)

 

1830. Stranda: Den 13. oktober 1830 drukna soldat Sølfest Arnesen, 23 år, med bustad på Engeset. ”Styrtede du over et Fjeld i Søen og druknede. Liget blev ikkje gjenfundet.” (Klokkarboka for Stranda 1827-1864 s. 368)

 

1832:  Norddal. Else Knudsdotter Skrenake? (34 år) og hennar barn Ole Andreas Pedersen (1 år), samt Knud Smauglie  42 år og hans bror Martinus 35 å, alle omkom i den same båten i Norddal sokn den 19. juni 1832. Dvs. 4 omkom. Gravferdsdato 24.6. For Else står det ikkje innført gravferdsdato; ”omkommen på søen”. Knud Olsson Merok frå Geiranger, gift med Johanne Smogeli, brukar på Smogeli. Knud etterlet seg fire små barn. ”Det var Knud (f. 1790) saman med broren Martinus Merok (35 år) som såleis kollsiglde i Dalsfjorden og drukna den 19. januar.” I kyrkjeboka står, omkom: « ved baadens synkning i Dalsfjorden».  (B.A. Grønningsætter, 1839  - kyrkjebok for Norddal 1829-1860 s. 281-282)

 

1834. Stordal. Fire drukna på kyrkjeferd. Den 6. september 1834 drukna Lars Jacobsen Skotte, 40 år og Lars Mangnussen Skotte. 23 år. ”Disse toe omkom paa Søen da de kom … Kirken”. Også Inger Erichsdttr. Korsedal, 27 år og Karn Larsdatter Skotte, 8 år, omkom i same hendinga den 6. 9. 1834. ”Disse 2 ble borte paa Søen tilligemed de andre da…… ”Nr. 15,16,17, og 18 omkom paa søen ved at Baaden kantrede på Tilbagereisen til hjemmet frå Stordalens Kyrkje. Ligene blev ei gjenfundne”. (Klokkarboka for Stranda 1817-1837 s. 165  -  kyrkjeboka 1827-1864 s. 456)

 

1835. Ørskog. Sivert Martinus Ryddingsns, f. 1807. budde på Tøsse: omkom på sjøen under fisket i 1835. Han omkom saman med 7 andre. I alt åtte menn drukna den 28- februar 1835 då båten kantra under vårsildefisket i havet ved Godøya. (Kyrkjeboka for Ørskog 1832-1842 s. 155  -  Ættebok for Ørskog s. 530)

 

1835. Sykkylven, Jens Knutsen Vik, frå Sjursgarden, f. 1791 drukna den 8. februar 1835 (Bleiv). Ute på havet, i fjorden? (Sykkylven Gardssoga 4: Martin Gjævenes, 1983, s. 341)

 

1836. Sykkylven. Den 13. august 1836 drukna gardbrukar Jørgen Martinussen Hatlemark, 36 år, med bustad på Hatlemark: ” Funden død i søen paa nordre side af fjorden fra han boede (i Søgelven)  formodet at han dræbte sig sjølv ved at kaste sig i søen.” Klokkarboka seier det same. (Kyrkjeboka for Ørskog 1832-1842 s. 159)

 

1837: Norddal. Petter Johnsen Thafiord (født Viigen) var 34 år gammal då han drukna den 16. februar 1837 mellom Dalsbygda og Viken. ”omkommet paa søen,” (B.A. Grønningsætter, 1839  -  kyrkjebok for Norddal 1829-1860 s. 294)

 

1837. Stranda. Den 2. mai 1837 drukna Marie Magdalene Kundstr.,9 år, med bustad på Skotungsnæset: ”gled du i Søen og druknede”. Manglar opplysing om kvar dette skjedde. Gravferd 9.5. (Kyrkjeboka for Stranda 1827-1864 s. 388)

 

1837. Sunnylven. Den 26. oktober 1837 drukna Peder Knudsen, 64 år, busett på Langeland. ”Ved at falde ud af en Baad, ikke igjenfunden”. (Kyrkjeboka for Sunnylven/Geiranger 1827-1858 s. 220)

 

1837. Sunnylven. Den 26. november 1837 drukna Petter Jørgensen Frøise, 20 år. Bustad: Frøysa. ”Ved en baadskantring ei igjenfunden”. (Kyrkjeboka for Sunnlyven/Geiranger 1827-1858 s. 220)

 

1837. Ørskog. Den 2. september 1837 drukna Rasmus Haldorsen Sjøholt., 50 år gammal, frå Sjøholt: ”omkom ved at kuldsegle paa Laadsfjorden”(?) Ikkje klokkarbok. (Kyrkjeboka for Ørskog 1832-1842 s. 162)

 

1838. Stordal. Tre døde. Den 13. september 1838 drukna Jetmund Knudsen, grb. 47 år gammal, frå Midtbust, Inger Jonsd. Kone, 46 år frå Midtbust, Lars Jørgen Borgersen ungk. 29 år frå Hove. ”14,15 og 16 omkom ved at drukne paa Stordalsbugten, idet den Baad, hvorpaa de førte Løv, gikk under. Ligene bleve ikke gjenfundne.” (Kyrkjeboka for Stranda/Stordalen sokn 1827-1864 s. 460)

 

1839. Stranda 8. juli 1839 drukna Ole Jørgensen, 31 år frå Ringset. Gravferd 10.7. ”Omkom ved at drukne, da en Baad hvorpaa han befandt sig kantrede i nærheden av Dyrkorn”. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Stranda 1827-1864 s. 392)

 

1839. Stordal. Den 8. juli 1839 drukna fire personar. Peder Larsen, soldat, 27 år frå Vinje, Andreas Jetmundsen, soldat, 25 år, frå Vinje, Jetmund Halvarsen, soldat, 24 år frå Hove,  Ole Jørgensen Ringset, 31  ”Omkom ved at drukne derved at Baaden, hvorpaa de til saman befandt sig, kantrede.” Dette skjedde på veg til byen, men dei kom ikkje lenger enn til Vaksviklandet der dei forliste. (Kyrkjeboka for Stranda/Stordalen sokn 1827-1864 s. 462  -  Kyrkjebok for Stranda 1827-1864 s. 392  -  Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 22)

 

1939. Stranda. Den 24. oktober 1839 drukna Lars Knudtsen frå Kjølås, 66 år gammal. ”faldt fra et Fjeld ned i Søen og druknede”. Gravferd 29.10. (Kyrkjeboka for Stranda 1827-1864 s. 392)

 

1840. Stranda. Den 23. september 1840 drukna Evind Ludvig August Knudtsen, 7 år gammal, frå Skotungnæset. ”gled ud i Søen og druknede”. Gravferd 22.9. (Kyrkjeboka for Stranda 1827-1864 s. 394)

 

1841. Norddal. Nils Andersson Dale, 48 år,  f. 1792, dreiv Dalhus, kollsiglde i Norddalsfjorden og drukna 11. mars 1841. Han var gift med  Edvardine Dalhus og hadde fem barn. Gravferd 17.3. ”død efter kuldseiling den 11te Mars i Nordalens fjord” (Kyrkjeboka for Norddal 1829-1860 s. 309  -  Ætteboka)

 

Kastet-støa.jpg
Like utanfor Kastestøa i Tafjorden drukna to personar. Båten var nesten kome til støene då det kom ein sterk kastevind og kvelvde båten.

1842.  Norddal. Den 21.12. 1842 var ein av dei verste uvêrsdagane på her på fjorden. Kastebukta er ikkje å spøkje med i nordvesten. Nils Kristoffer Knutsen Kalstad, f. 1791, saman med Ole Martinus Ludolfson Nerhus, dreng på Nerhus var ute og drog garna på Nerhusstranda. Etterpå rodde dei over til Kastelandet for å frette nytt frå Trondheim. Faren var akkurat komen derifrå. Dei kom seg over til hi sida då det hende. Folk heime følgde med frå vindauga. Båten var nesten kome til støene då det kom ein sterk kastevind og kvelvde båten. Dei to kvinnfolka som var att på garden sprang alt dei orka til naustet, der skar dei ned trerøringen som var bunden opp under betane i naustet, eit kjempelyft av dei to kvinnene, og kom seg på sjøen. Dei rodde utpå og skulle berge, men det var ikkje noko å sjå meir. Båten var tungt lasta med garn og steinsøkkje, då det må ha gått til botnar. Dei vart ikkje funne før 4. januar året etter. Drengen Ole vart berre 16 ½ år. ”Begge omkom paa søen ved kulsejling strax undenfor deres hjem. Ligene er gjenfundne den 3 januar 1843.” (Kjelde: Kyrkjeboka for Norddal 1829-1868 s. 312 - informant Ole P. Selboskar i Bygdeprofilar)

 

1842. Norddal ”I slutningen af August” 1842 omkom drengen Engebret Andreas Knudsen, 19 år gammal, med bustad på Smoge. ”omkom paa Søen i Borgunds præstegjeld, ikke gjenfunden.” Gravferd 2.10.? (Kyrkjeboka for Norddal 1829.1860 s. 311)

 

1842. Norddal. Ole Hansson Selboskar f. 1833, døde 18. mai ved at han vart stanga på sjøen av ein bukk på Korsnes og drukna. Foreldra, Hans Furnes og Anne Serine Selboksar bygsla Korsnes frå 1834. ”blev av en buk stanget du i søen og druknet.” (Kyrkjebok for Norddal 1829-1860 s. 310  -  Ætteboka)

 

1843. Norddal. Knut Wilhelmsson Kalstad (f. 1833), mora var Anne Pernille Kaldhusdal, budde på Muri. Knut glei ut i sjøen og drukna, 10 år gammal. ”druknede ved at glide ud i søen”. (Kyrkjebok for Norddal 1829-1860 s. 310 – Ætteboka s. 506)

 

1843. Norddal. Thore Steffensson Rønneberg, f. 1811, drukna den 9. mars 1843 ved Båtflua, Borgund, på fiske saman med tre andre; Morten Ingebrigtsson Rønneberg på Storås, f. i 1789, Carl Andreas Olsson Storås, f. 1816 og Olemand Olsson Kilsti frå Låna i Ytterdal (48 år) drukna då. Det vil seie at heile båtlaget på fire omkom. ”alle drukned ved at drive ind paa den saakaldede Baadflu i Borgund hvorhen de vare reiste paa fiskerie”. (Kyrkjeboka for Norddal 1829-1860 s. 313)

 

1844. Ørskog/Klokk. Den 9. augst drukna ungkar Lars Andreas Larsen, 22 år, bustad på Klokk. ”Druknede ved at bade sig”. I fjorden? Ikkje klokkarbok. (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 174)

 

1845. Ørskog. Ole Petersen Skottet, med bustad på Valbø, f. 1805, omkom ved eit forlis 21. oktober i 1845. ”Omkom på søen.” (Ættebok for Ørskog s. 566 - Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 178)

 

1845: Ørskog. Den 24. oktober 1845 drukna i Sykkylven(?) Lars Olsen og Elias Petersen frå Aure og Klokkerhaug: ”Begge omkom paa søen og deres liig ikkje fundne.” På fjorden? (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 178)

 

1847. Ørskog. Iver Mortensen (52) og Andreas Fredrik Olsen (26) frå Abelset og Klokk: Ikkje i Storfjorden? ”Begge omkom på søeen under vaarfisket og deres legemer ikke gjenfundne.” (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 183)

 

1849. Norddal. Nikolai Andersson Selboskar, f. i 1819, drukna 4. juli 1849 i Norddalsfjorden. ”Ved at drukne i Nordalsfjorden”. 30 år gaml. Gravferd 15.7. (Kyrkjeboka for Norddal 1829-1860 s. 323)

 

1849. Norddal. Den 2. november 1849 drukna drengen Ole Andreas Arnesen frå Nerhus, 11 år gammal: ”druknet den 2. nov – men fundet den 3. decbr.” Kvar? Gravferd 26.12. (Kyrkjebok for Norddal 1829-1860 s. 323)

 

1849.  Ørskog. Flisneset. Rasmus Gundersen drukna den 25. februar 1849, 27 år gammal. Bustad på Hjellegjerde: ”Omkom paa søen ved Flisneset”. (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 189)

 

1850. Sykkylven. Myrset. I mars 1859 drukna Johannes Eliassen, 22 år, med bustad på Myrset. ”omkom på søen”. Kvar? (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851)

 

1851. Sunnylven. 1. september 1851 drukna Fattiglem Inderst Ole Andersen, 62 år. Bustad Korsbrekke. Gravferd 4.9. ”Druknede i Sunnelvsfjorden”.  Han steig feil og kanta på sjøen, skriv Lillebø i Sunnylvssoga (og bygdeboka bruker ein feil årstal, 1853). (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 5  -  Sunnylven og Geiranger 1: Lillebø s. 94)

 

1850. Ørskog/Sykkylven. I mars 1851 drukna Johannes Eliassen, 22 år, frå Myrset i Sykkylven. ”omkom på søen”. Truleg på fjorden. (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 119)

 

1851. Ørskog. 10. mars 1851 drukna Martinus Magnussen, 38 år gammal, og Rasmus Olsen, 22 år, frå Løvold og Ramstad. ”Disse tvende omkom pass søen og den sidstes legeme er ikke gjenfundet.” (Kyrkjeboka for Ørskog 1843-1851 s. 197)

 

1853. Stranda. Fire drukna. Rasmus Larsson Langeland får Sunnylven (f. 1820) drukna innmed Ljølandet etter ei bryllupsferd i 1853. Birgitte Knutsdotter vart vigd i Stranda kyrkje, men bryllupet stod i heimen hennar på Hellsylt. På heimturen drukna fire menneske. Ole Sakariasson, Rør, 41 år, Eirk Andresen Helstad 27 år, Anne Andreasdatter Helstad 29 år. ”Omkom paa Søen under en reise frå Hellesylt til Liøen. Det sidste Liig ble først gjenfunden 3de August”. (Kyrkjebok for Stranda 1843-1861 s. 424 - Stranda bygdebok 1: Gard og grend. s. 272)

 

1853. Sykkylven. Storfjorden/Flisfjorden. Den 6. juli 1853 drukna seks personar på Flisfjorden. Jørgen Eliars Larsen, 60 år, Martik Knudsdatter 65 år, Torsten Jørgensen, 34 år, Olave Olsdatter, 34 år, Christian Jørgensen 20 år og Jørgen Elias Torstensen 5 år, alle frå Hovden i Sykkylven. ”Disse 6 omkom samtlige paa Flisfjorden ved at kuldseile.” Gravferd 24.7. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 193)

 

1854. Stranda. Sløgstad. Småbåtforliset ved Kjølåsjekta Flora, den 25. februar 1854, med Karl Knutson Engest, 39 år, Ole Ellingsen Opshaug 31 år, Peder Olsen Lie, 29 år, Ole Petersen Overvoll 22 år. Alle fire drukna. Gravferd 3.3. ”Druknede en stormfuld Aften da de fraen paa Slyngstadsøen liggende jagt vilde begive sig i land, derved at Baaden strax de fra borde stege i den, fyldtes af en vældig Bølgje.”  (Kyrkjebok for Stranda 1843-1861 s. 424 - Stranda bygdebok 1: Gard og grend)

 

1854. Ørskog. Nils Olsen Fremste Fjørstad frå Stranda, f. 1821, gift med Olave frå Stordal, drukna på sjøen 14. mars i 1854. Han budde på Hatlen i Ørskog. Han drukna saman med Bertel Jetmundsen Hjellereit frå Vestre (f. 1898) Dei vart ikkje attfunne. Kvar? ”Disse to omkom paa søen den 14. mars og deres liig er ikke fundne.” (Ørskog gjennom tidene. III Ættesoga: Louis Giske, 1990, s. 166  - Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 197)

 

1854. Sykkylven. Den 8. desember 1854 drukna Peter Olaus Jørgensen, 30 år, Peter Pedersen, 30 år, Hans Jacob Pedersen 32 år, dei to første frå Brunstad, den tredje frå Blindheim: ”Disse 3 druknede paa søen ved Borgund.” Dei var ikkje funne att. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 198)

 

1855. Stranda. Korsedal. Den 4. juni 1855 drukna Peder Einar Gregorius f. Korsedal, 18 år gammal, bustad på Korsedal. ”druknede”. Manglar info, truleg skjedde dette på fjorden i nærleiken av garden. Gravferd 13.6. (Klokkarboka for Stranda 1854-1881s. 103  -  kyrkjeboka for Stordal/Stranda 1854-1881 s. 103)

 

1855. Sunnylven. Den 29. juli 1855 drukna Gabriel Pedersen, 21 år, med bustad på Årset. ”Druknede ved at bade sig.” Gravferd 1.8. Klokkarboka seier det same. I sjøen? I vatnet? (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 12)

 

1855. Norddal, Den 3. juli 1855 drukna Peder Olsen Tafjord, 67 år gammal. ”omkom ved forlis paa reise til Aalesund og begravet i Borgund.” (Kyrkjebok for Norddal 1853-1868 s. 49)

 

1856. Norddal. Peder Olsson Muriaas gifte seg til Pegarden i Tafjord, med enke Inger Rasmusdotter. Peder drukna den 3.2. 1856 ved eit forlis på reise ut til Ålesund, 67 år gammal, og vart gravlagd i Borgund tre dagar etter. ”Omkom paa Reise til Aalesund”

(Kyrkjeboka for Borgund 1855-1864 s. 174  -  Ætteboka, Tafjord Pegarden s. 312)

 

1856. Sykkylven Den 2. februar 1856 drukna Peter Petersen, 16 år, og Peder Sevrin Pedersen, 12 år, frå Melset. ”Disse to omkommen paa Flisfjorden”. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 201)

 

1856. Norddal. Dreng Elias Nilsen, 18 år gammal, med bustad på Indreeide, drukna 22. juli 1856. ”druknede under bading”, i Indeeidsvatnet? Kvar? I klokkarboka er ikkje dødsårsaka nemnd. (Kyrkjeboka for Norddal 1854-1868)

 

1857. Sykkylven. Den 1. november 1857 drukna Elias Johnsen, 32 år, frå Ekornes: ”Omkom ved kuldseiling.” Truleg på fjorden. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 204)

 

1858. Sykkylven. Den 26. februar 1858. Carl Nilsen, 10 år gammal, frå Riksheim, drukna: ”Ved at falde gjennom iisen paa Søkelvsfjorden.” (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 205)

 

1858. Norddal. Den 16.juni 1858 omkom plassmann Ole Petter Ingebrigtsen Sætar frå Fjørå, 64 år gammal. ”Blev ihjelslagen av en nedstyrtende tømmerstok” står det i kyrkjeboka. I heftet Bygdeprofilar står det at han var ute ved Oksneshamrane for å samle furu som dei løypte utfor, og ein tømmestokk råka robåten som sokk inne ved land. Og der omkom Ole Petter. Men strengt tatt er det ingen som veit akkurat kva som skjedde, skriv Ole Selboskar. (Kyrkjeboka for  Norddal 1854-1868 s. 52 – Ole P. Selboskar: Bygdeprofilar s. 16)

 

1859. Norddal. Johan Jørgen Krohn Dale, ugift, f. 1825 og budde på Dale. Han gret hardt då han for i fiske, sa ein, fordi han etter at foreldra døde, ikkje var i stand til å løyse ut garden, og såleis heimlaus. Og han omkom den 4.2. 1859 på sjøen i nærleiken av Rundø (Runde?), saman med plassmann Ole Martinus Andreasson Aarset, 36 år, som var dreng på Bjørstad, og drengen Lars Peder Carlsen, frå Bjørstad, 23 år. Dei fann dei ikkje att. Dei skulle ro nokre kyr for mannen dei rodde fiske for, då ulykka hende. ”Disse tre omkom paa søen i næreden av Rundø.” (Kyrkjebok for Norddal 1853-1868 s. 53  -  Ætteboka for Norddal, Bjørstad 156)

 

1859. Stordal. Den 7. mars 1859 omkom tre frå Stordal på sjøen. Dette var Ole Andreas Andersen Dahle. 31 år, frå Midtbust, Jetmund I. Andersen Øverbust, 23 år, frå Øvrebust, Thore Nielsen 18 år frå Hove. Alle tre drukna og fanst ikkje att; ”omkom paa søen. Dette bemeldes; at Ligene bleve ikke gjenfundne.” Manglar informasjon om kvar dette skjedde. Det blir sagt at Ole Andreas Andersson Dale frå «Dalen» var trulova med Olina Øvrebust, Stordal og bygsla ein teig av Øvste Gjerde, Stranda. Etter at Andreas omkom på sjøen under fiske, gifte broren Nils f.  1831 seg i 1861 med kjærasten hans. Ikkje kyrkjebok. (Klokkarboka for Stranda/Stordal 1854-1881s. 108  - Ætteboka)

 

1861. Stranda. Hans Rasmussen, fødd 1852 drukna i fisket 19 år gammal. Uklart kvar? (Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 272) Finn ikkje i kyrkjebok.

 

1861. Ørskog. Tore Olaus Jakobsen Lande (f, 1809), bustad Valgermo og kona Oline Larsdtr. (f. 1810) drukna begge ved forlis på fjorden på veg heim att frå Ålesund i 1861. (Ættebok for Ørskog s. 579) Finn dette ikkje i kyrkjeboka.

 

1861. Ørskog/Sykkylven. Den 9. september 1861 drukna Lars Peter Carolus Hanssen, 20 år gammal, frå Ramstad: ”Ved at falde udover et fjeld nedi søen.” Gravferd 20.9. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 212)

 

1862. Sykkylven. Den 12. mai 1862 drukna ”pige Elen Olsdatter”, 25 år, frå Øvrevoll. ”Dræbte sig ved at styrte sig i søen.” Gravferd 21.5. (Klokkarboka for Ørskog 1852-1862 s. 214)

 

1862. Norddal. Sylte. Elias Permannsson Muldal (f. 1838), og broren Martinus Muldal (f. 1830) og kona til Elias: Ragnhild Ingebrigtsdotter Relling (f. 1838), og Nils Kristoffer  Jacobsson Vesterås Muldal (f. 1847) samt bror hans Jakob (f. 1851),  plassmann på Muri og Muriås, seinare leiglending, Jakob Kristian Martinusson Muri (f. 1814) - alle desse omkom ved forliset ved Syltefjellet den 15. juli 1862. To båtar kom frå Ålesund med folk og varer. Elias Muldal kom med jekta frå Bergen, låg ute ved Murilandet, og han henta kona si og brørne sine, Nils, Jakob og Martinus, dessutan Jakob Kristian Kaldhussæter og Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten (f. 1799) frå Emblemsbygda var og med i ein seksring og ein førslebåt som for ut for å ta med seg varene frå jekta. Dei tok med seg også ein Ole Martinus Kaldhussæter. Dei lasta båtane vel tunge, for då dei var på veg attende, rett utanfor Sylte, kom ein vindknute slik at båtane skar fulle av sjøvatn og gjekk rundt, sjølv om dette skjedde midt på sommaren. Folk på Sylte såg kva som hende, sette båtar på sjøen men dei greidde ikkje å berge meir enn Ole Martinus. Dei andre sju drukna. (seks i kyrkjeboka) (Kyrkjebok for Norddal 1854-1868 s. 59  - Sjå Jørgen Gjerding: folkeminne 1)

 

1862. Norddal. Giske. Tore Olsson Stokke frå Øyna omkom på sjøen under vinterfisket utanfor Synnes på Giske, 26 år gammal. Også Karolus Hellebostad, skreddar og husmann på Sæterbakken i Øyna drukna i same forliset, 44 år gammal. Dvs. to omkom, men finn ikkje i kyrkjebok.

 

1862. Stranda. Den 12. april 1862 drukna tre, Lars Ebbesen, Slyngstad (30 år), Peder Knudsen Ringstad (30 år), Rasmus Rasmussen Langelo (28 år). Gravferd 18.4. ”omkom paa søen”. ”Disse tre omkom paa Søen paa en Reise fra Aalesund.” (Kyrkjeboka for Stranda 1862-1881 s. 7  -  klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 179)

 

1862, Stordal. Stavnes. Den 12. september 1862 drukna Gårdbruger Lars Martinus Iversen Stavnæs, med bustad på Stavnes, 28 år gammal, ”Druknede paa Søen og liget blev ei gjenfundet”. Manglar innfor om kvar, på fjorden ved Staveneset? (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 115  - kyrkjebok for Stranda 1862-1881 s. 9)

 

1863. Norddal. Den 24. februar 1863, leiglending Elias Carlsen Verpesdal, 36 år, ”omkom paa søen under vårsildfisket.” Ikkje i fjorden. (Kyrkjebok for Norddal 1853-1868 s. 60)

 

1865. Sunnylven. Den 26. april 1965 drukna drengen Iver Andersen Olsen, 16 år gammal, med bustad på Stokke. ”Omkom paa søen, ikke gjenfunden”. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 31)

 

1866. Geiranger. Malene Olsdotter Årset, gift med Peder Martinus Gjørva og budde på Hjelle, fødd i 1822 og omkom 28. april 1866, 44 år gammal, då båten kollsigla av ein kastevind i Geirangerfjorden. Ho var gift med ein leilending og skreiv seg for Indre Hauge. ”Druknede i Gerangerfjord da baaden kuldseiledee.” Dette skjedde ved Korsen. (Kyrkjebok for Norddal 1853-1868 s. 66 – Ætteboka s. 988)

 

1866. Stranda. 28. mai 1866 drukna Ebbe Martinsen, 42 år gammal, frå Heimegjære. ”Omkom paa Søen og hans Liig ble saa fundet den 2de juli”. Han var med ei førselskute til Ålesund, møtte ruskever, og drukna ute ved Hesthammarfjellet. Han trudde båten dreiv på land og hoppa ut og skulle symje til lands, men drukna, Gravferd 28.7. Ikkje klokkarbok. (Kyrkjeboka for Stranda 1862-1881 s. 19  - Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 236)

 

1866. Norddal/Stordal. Den 14. august 1866 drukna Sjømann Johan Gunder Olsen, 29 år, frå Moe i Stordal: ”Omkom paa Søen i Tafjord i Norddalen”. (Kyrkjeboka for Stranda 1862-1881 s. 20  -  Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 121)

 

1866. Ørskog. Ingebrigt Jonsen Garnes Lid, f. 1827, drukna i 1866 på sjøen saman med Ole P. Severinsen frå Solnørdal og Hans Sevrin Olsen Hatlen. Dei var på heimreise frå Ålesund og  kollsiglde utanfor Apalset. Ole symde i land, men døyde av utmatting og frost. ”omkom på søen”. Dvs. at tre drukna. Dei andre vart ikkje attfunne. (Ættebok for Ørskog s. 275-488  -  kyrkjeboka for Ørskog 1863-1877 s. 255)

 

1867. Sunnylven. Den 21. mars 1867 drukna gårdmand Lars Hansen, 46 år, med bustad på Tryggestad. ”kom bort paa Søen – og er ikkje gjenfunden”. (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 36)

 

1867. Sunnylven. 12. september 1867 drukna pige Helga Knudsdatter, 41 år, med bustad på Åkerneset. Gravferd 16.9. ”Faldt under Høarbeide udover et Fjeld og druknede”. (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 38)

 

1868. Sunnylven. Den 12. juni 1868 drukna gardbrukar Ole Rasmussen, 51 år, med bustad Matvik. ”Forkortede sit Liv ved at styrte sig i Søen.” (Kyrkjebok for Sunnylven/Geiranger 1850-1870 s. 39)

 

1869. Stordal. Vidhammer. Den 30. april 1869 drukna Kårmann Peder Johannes Severinsen Vihammer, 33 år gammal. Bustad på Vidhammer, ”Omkom paa Søen”. ”Omkom ved Kulseiling i Nærheden af Vihammer – ble gjenfundet den 12. jun.” Gravferd 15.6. (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 123  -  kyrkjeboka for Stranda 1842-1881 s. 27)

 

1869. Norddal/Skodje. Otto Olsson Kilsti, f. 1849 (frå Ytste Kilsti) omkom på fiske og vart gravlagd på Skodje. ”Omkom paa havet under fisket” den 2. mars 1869. Kyrkjeboka seier akkurat det same. (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 161)

 

1869. Norddal. Den 22. mars 1869 drukna plassmann Hans Magnus Monsen Myklebust, f. 1824, med bustad på Myklebust i Valldalen. ”Druknet ved fisket udenfor en af Haramsøerne”. Kyrkjeboka seier det same. (Klokkerboka for Norddal 1866-1884 s. 162)

 

1869. Ingebrigt Olsen Øyen frå Norddalen, som hadde vore handelsborgar i Ålesund i dei siste åra og budde der, gjekk dette året fallitt. Han slo seg på drikk og spel, blir det sagt, og i april gjorde han sjølvmord ved å gå på sjøen og drukne seg den 13. april 1869, 38 år gammal. ”Fandtes den 21. april død i Søen, ved Rønnebergs Pakhuse”. ”Fundet død i Søen ved Notenæs. NB” Gravferd 26.4. (Klokkarboka for Ålesund 1868-1877 s. 158 –andre kjelder?)

 

1870. Sylfest Magnusson Muldal omkom ved kollsegling i Tafjorden, og vart 12 år gammal. Bustad: Muldal. Dette skjedde 25. november 1870. ”Druknede i Tafjorden ved kuldseiling. Liget ikke gjenfundet”. (Kyrkjebok for Norddal 1868-1883 s. 163  - Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 163)

 

1870. Hans Magnus Monsson Myklebust, f. 1827 og gift med Berte Lovise Omenås og hadde eit barn. Hans Magnus drukna på torskefiske (truleg i Haram) den 22. mars 1870. ”Drugnet i fisket udenfor en av Haramsøerne.” (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 162)

 

1871. Ørskog. Viset. Den 18. juni 1871 drukna Peder Carlous Sevrin Pedersen, med bustad på Viset, 14 år gammal. ”Druknede ved bading.” Klokkarboka seier det same. (Kyrkjeboka for Ørskog 1863-1877 s. 268)

 

1871. Stranda/Ålesund. Den 7. februar 1871 drukna Gunder Arnesen, 36 år, frå Giskehoug, og Hans Olaus Rasmussen, 18 år, frå Heimre Fjørstad. ” Begge ”omkom paa Søen i Nærheden af Aalesund”. Klokkarboka seier det same. (Kyrkjebok for Stranda 1843-1881 s. 31)

 

1871. Norddal. Ludolf Krohn Dale, f. 1833, var smed og dreiv plassen Torebruket på Dale. Han blei på sjøen dette året. Finn det ikkje i kyrkjebok? (Ætteboka I s. 79)

 

1871. Ørskog. Den 6. november 1871 drukna Lars Oliver Hole, 38 år gammal, med bustad på Hole. ”Druknede paa søen.” (Kyrkjeboka for Ørskog 1863-1877 s. 268)

 

1872,  Norddal, Den 6.2. 1872 drukna gaardmand Lars Arnesen, Tafjord, 44 år gammal; Druknet af et fald over en Bjergskraaning” Truleg ein stad på fjorden. (Klokkarboka for Norddal 1866-1884 s. 163)

 

1872. Stranda/ Den 18. mars 1872 drukna plassmann Nils Thorsen, f. 1826, med bustad på Lid. ”omkom paa havet under Torskefisket.” (Kyrkjebok for Stranda 1843-1881 s. 32)

 

1872. Norddal. Elias Martinusson Bjørstad, f. i 1839, og budde saman med foreldra på Bjørstad, omkom dette året på torskefiske, den 18. mars. ”Omkom paa Havet ved Torskefiske”. (Kyrkjebok for Norddal 1868-1883 s. 164  -  Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 163)

 

1872. Norddal. Nils Gregoriusson Engeset frå Hauaplassen på Døving, gift med Malene Døving og hadde tre barn. Han drukna 9. desember 1872 på heimreis frå byen, i Sykkylsfjorden. ”druknede paa Reise fra Aalesund paa Sykkylvsfjorden”. (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 163)

 

1872. Stordal, Den 1. november 1872 drukna dreng Ole Sverin Gundersen Linge, 40 år gammal. Bustad; Rødset i Stordalen. ”Omkom i Søen ved Aalesund”. Gravlagd 5.11 Kyrkjeboka seier det same. (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 128)

 

1873. Rasmus Gregoriussen Vesteraas, på Myren, fødd 1831 og hadde eit barn, vart funnen død i sjøen ved ei bryggje i Ålesund dette året. Dette skjedde 27 januar 1873. (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 163)

 

1873. Stranda. Den 3. juni 1873 drukna drengen Ole Martinus Olsen Ringstad, f. 1856, med bustad på Klevberg. ”omkom ved badning i Søen paa sin side Fjorden”? ”Omkom paa Søen ved Badning.” (Kyrkjebok for Stranda 1843-1881 s. 33  - klokkarbok for Stranda 1854-1881 s. 194)

 

1874. Stordal. Den 11. januar 1874 drukna Pige Jakobie Halkilsdatter, 26 år gammal, bustad Dybdal. ”Ubegravet. Druknede paa Stordalsvigen, en kastevind kantrede Baaden”.  ”hun var alene i en baad paa Stordalsvigen; en byge kantrede baaden.” (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 129  -  Kyrkjebok for Stranda 1843-1881 s. 34)

 

1876. Norddal. Ole Carl Knutsson  Korsnæs (Verpesdal) frå Karlgarden omkom 22. januar dette året på sjøen, 40 år gammal. Han budde på Korsnes. ”Druknede, omkom paa Søen. Liget ikkje gjenfundet.”. Kyrkjeboka seier det same. (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 170)

 

1877. Stordal. Den 10. mars 1877 drukna gårdmand Peder Martinius Ebbesen, f. 1848, bustad på Vad. ”Druknede paa Vei til Aalesund”. ”Liget ikkje fundet”. ”bortkom paa Søen; druknet ved Flisnæset, da han kuldseilede med en vedbaad”. (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 132  - Kyrkjebok for Stranda 1843-1881 s. 38)

 

1878. Stordal. 12. februar 1878 drukna leilending Rasmus Ingebretsen frå Skotet, 38 år gammal. ”Omkom paa Havet under Fisket”. Kyrkjeboka seier det same. (Klokkarboka for Stranda 1854-1881 s. 134)

 

1878. Sykkylven. 19. juli 1878 drukna Martinus Olsen, 71 år gammal med bustad på Vik i Sykkylven: ”Omkom paa sjøen”. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1878-1891 s. 31)

 

1878. Sykkylven. Den 30. august 1878 drukna Peder Andreas Larsen, 22 år gammal, bustad på Grebstad: ”Omkom ved badning i Søen.” Han var lærar. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1878-1891 s. 31)

 

1879. Sunnylven. Nils Åmundsen, 20 år, drukna i Lunde-osen i 1879. Frå Røyrhus? Der ein ein Niels fødd i 1859. Finn ikkje i kyrkjebok. (Sunnylven og Geiranger bind 1: P.A. Lillebø, 1999 s. 348)

 

1880. Norddal. Jon Karlsson Linge, f. 1827 på Framgarden, gifte seg med Regine Langdal. Han drukna den 16.12. dette året ved Ytterdal. Var åleine i båt for å setje garn eller kan hende for å handle inn til jul. Han var bandskjerar og fiskar. ”Omkom paa Søen”. Gravferd 23.1. ”Druknede ved Ytterdal, da han var dragen alene ud i en Baaad for å sette garn og muligens handle til juul.” (Klokkarbok for Norddal 1866-1885 s. 177  -  kyrkjebok for Norddal 1868-1883 s. 179  - Ætteboka)

 

1882. Sykkylven. Iver Peter Bastian Aure, f. 1852, drukna i 1882. Han var frå Åmundgarden på Melset? (Sykkylven Gardssoga 4: Martin Gjævenes, 1983, s. 179

 

1883. Stordal. Vaksvik. Den 9.10. 1883 drukna gardmann Sivert Eriksen, f. 1825, frå Øvredyrkorn og gaardand Jakob Elias Markussen, f. 1853 frå  Ringset/Dyrkorn. Om begge står det at dei drukna den 9.10. ”Omkom paa søen paa veien til Vaksvig.”  ”Omkom på søen ved Vaksvig”. (Klokkerboka for Stranda/Stordal 1882-1907 s. 113)

 

1883. Stordal/Norddal. Ingebrigt Arnesson (1918-1883), ætta frå Pegarden i Tafjord (Budde på Graven på denne tida) og drukna på fiske den 10. mars 1883, i lag med to grannar, Nils Jakob Olsen frå Ansok (47 år), Ole Iver Pedersen frå Giskehaug ( 48 år). Tre omkom. ”Forulykket paa søen i Borgunds Præstegjeld.” Dette hende ved Gjøsund ved eit fælt uver, då båten slo full. I klokkarboka står berre: ”Druknede”. (Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 5  -  kyrkjeboka for Stranda 1882-1898 s. 123)

 

1883. Sykkylven, Den 13. desember 1883 drukna fire personar på reise til Ålesund. Alle var frå Sykkylven, Midtgård: ”Samtlige omkommen paa søen (Flisfjorden) udenfor  Baad?…  paa en reise til Aalesund”. Ingen vart funne att. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1878-1891 s.tal mangar)

 

1884. Sykkylven? Den 8. juli 1884 drukna to personar, Syvert Knudsen, f. 1861 og Lars Johannes Olsen, f. 1860, med bustad på Sortebak (Svartebekk, mellom Blakstad og Hundeidvika?): ”Omkommen paa søen, ikke gjenfunden.” Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1878-1891 s.tal mangar)

 

1886. Norddal. Karl Arnesson Storås frå Toregarden i Ytterdal, døydde 15. juni 1886 ved drukning 54 år gammal. ”Druknede (blev)”. Han var gift med Pernille  Eide og hadde fire barn. Gravferd 19.6. (Ætteboka: Ytterdal 311 s. 947  -  kyrkjeboka for Norddal 1884-1908 s. 157 -  Klokkarboka for Norddal 1885-1892 s. 83  )

 

1886. Sykkylven. Den 2. juli 1886 drukna Sevrin Nikolausen, f. 1841 og Petter Severinsen f. 1874 og Nikoline Severinsdotter f. 1871: all tre budde på Erstad: ”Omkommen paa søen under en reise til Aalesund”. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1878-1891 s.tal mangar)

 

Ulykke ved Uren 1887.jpg

1887. Stordal. ”Skaffarulykka. Den 5.1. 1887 drukna i alt sju personar. Gardb. Jakob Olsen omkom 5.11. 1887, han var frå Hove, f. 1826.- ”Druknet paa veien til Stranden ved plassen Uren.” Dette var eit lag som skulle halde festarøl mellom ei jente frå Kjølås  og ein frå Hove. I følgjet var; Jakob Olsen Hove og kona Karen Birgith Olsdatter, f. 1834, bustad Hove, Jakobie Jacobsdatter, f. 1877, bustad Hove, Karen Olave Jaobsdatter, f. 1859, bustad Hove, Ole Jakobsen (f. 1829), Rasmus O. Busengdal, f 1832), Berte Olsdatter Busengdal f. 1799. 5 frå Skaffagarden omkom, derav namnet, samt 2 andre, i alt sju personar. ”Druknet sammen med sin mand. Druknet do.” I avisa står at alt var sporlaust forsvunne, både båt og folk – men ein fann att båten lenger ute i fjorden på andre sida noko seinare. Med fullt oppheiste segl. Det var storstorm frå aust. (Klokkerboka for Stranda/Stordal 1882-1907 s. 118  -  Jostein Sande; Farne tider – Romsdals Amtstidende 15.1. 1887 s. 2 - informant Kristian Almås)

 

1888. Geiranger. 1. mai 1888 drukna ungkar Thomas Eliasen Vesteraas, f. 1871, med bustad på Skageflå. ”Omkom paa Søen derved at en Sneskred kastede hans Baad omkuld.” (Klokkarboka for Sunnylven Geiranger 1885-1963 s. 38 - Sunnmørsposten 3.5. 1888) SKRED

 

1889. Stranda den 24. mars 1889 drukna ungk. Peder Knudsen, f. 1866, frå Langlo.”Drukning. Forulykket ved uvær ved Oleskjæret(?) i Borgund. Ikke gjenfunden”: Klokkarboka skriv berre; ”druknede”. (Kyrkjeboka for Stranda 1882-1898 s. 130  -  klokkarboka)

 

1890. Stranda Den 22. april 1890 drukna Ole Olsen, f. 1817, med bustad på Uren. ”Druknet nær sit hjem. En byge kastede baaden om (ikke ved vilje(?)”. Klokkarboka skriv berre; ”druknede”. (Kyrkjeboka for Stranda 1882-1898 s. 132  -  klokkarboka)

 

1891 (eller noko seinare). Norddal. Karl Elias Hansson Rønneberg, plassmannson på Ytterdal, var lauskarl, snekkar og fiskar, fødd i 1861 og drukna kring 1891, men uklart akkurat når og korleis det skjedde. Finn han ikkje i kyrkjeboka.  (Norddal Bygdebok)

 

1891. Sykkylven. Johan Eidem f. 1865, med bustad på Eidem, drukna i 1891. Uklart kvar. (Sykkylven Gardssoga 1: Martin Gjævenes, 1983, s. 232)

 

1892. Ørskog. Ungkar Ingebrigt Ingebrigtsen drukna 5. oktober 1892. Han var fødd. 1821, med bustad Holmehola(?). ”Forulykkede ved Kyrfonnen idet han under slaatten

 Faldt i søen frå en Bjergknat.” ”Faldt udover en bergflaae ved Kjørrfonden i Ørskog og druknede.” Gravferd 12.10. Dett skjedde i Rastadbyne? innafor Hesthammaren. (Farne tider: bygdesoga for Stordal: Jostein Sande, s. 223  -  Stranda/Stordal klokkarbok 18882-1907 s. 124  -  kyrkjeboka for Stranda/Stordal 1882-1907 s. 131)

 

1894. Stranda. Giskehaug. Ola M. Serkvidsen Helsem, fødd 1826, drukna 26. februar 1894 i fjorden ein dag han var ute å sanka rekved. Dei fann båten drivande ved Hageberga. Han dreiv ein plass kalla Brautplassen under Giskehaug. ”Druknet ved at føre en ladning ved. Baaden fy… du for Oksnæset?. Ikke gjenfunden.”  Ikkje nemnt i klokkarboka? (Stranda bygdebok 1: Gard og grend,  s. 137  - Kyrkjeboka for Stranda 1882-1898 s. 136)

 

1894. Ørskog. Den 23. juli 1894 drukna Karl Johan Larsen, f. 1881, frå Jarnes ”druknet”, Ukjent kvar. (Klokkarboka for Ørskog/Sykkylven 1892-1900 s. 168)

 

1895. Norddal. Tafjorden. 14. januar 1895 gjekk 6 mann i Nerhusstranda for å samle inn nokre geiter som var så ville at det ikkje hadde lukkast å få dei inn hausten før. Jørgen må truleg ha løyst ut eit snøskred som tok han og førte han rett mot sjøen. Det uråd å finne han dei første dagane. Det var Jørgen Nilsson Tafjord frå Sæter (23 år), dreng i Viken, som let liv. ”Ble ført med et sneskred paa fjorden.” Uklart om dødsårsaka var av sjølve skredet eller ved drukning. Truleg vart han funnen att den 17. januar, og gravferd den 19.1. (Kyrkjeboka for Norddal 1895-1912 s. 163  -  klokkarboka for Norddal 1892-1910 s. 165  - Aalesund Folkeblad 18.1. 1895 s. 3) SKRED

 

1896. Ørskog. Kårmann Ole Severin Olsen, f. 1846, bustad på Søvik, drukna den 20.2. 1896; ”omkom ved et ulykkestilfælde paa søen ved at falde ud fra baaden”; Kvar? Der er ikkje innført gravferd, så han vart truleg ikkje funnen att. (Kyrkjeboka for Ørskog 1890-1911 s. 209)

 

1898. Stranda. Den 15. august 1898 drukna Einar Jørgensen f. 19.3.1894, med bustad på Helsem. ”druknet i søen ganske nær land”. (Kyrkjeboka for Stranda 1882-1898 s. 140)

 

  

1900-talet

Dei store flodbølgjene kjem att

 

 

1900. Ørskog. Jørgen Martinus Lyshol Vestre, budde på Høgtun på Vestre, f. 1851, drukna den 13. januar 1900 på sjøen under kolsegling i 1900. Han hadde bustad på Vestre, men kvar han drukna er ikkje kjent. ”kuldseiling”. Gravferd 19.1. (Kyrkjebok for Ørskog 1890-1911 s. 214  -  Ættebok for Ørskog s. 609

 

1904. Norddal. Den 9. oktober 1904 omkom ved drukning: Klara I. Linge (3 år), Elisabeth I. Linge (6 år), Laura Emilie I. Linge (10 år), døtrene til målar Ingebrigt Karlsen Linge, med bustad på Linge. ”omkom på sjøen. En kastevind vælted båten. En ældre kvinne ræddet.” Dei tre vart gravlagde 15.10, men ei av jentene vart ikkje funne att. Faksimile i arkiv. (Kyrkjeboka for Norddal 1895-1912. s. 176 - Klokkarboka for Norddal 1892- 1910 s. 155  - Trondhjems Adresseavis 16.10.1904 s. 1)

 

1905. Norddal. Den 5. august 1905 omkom barnet Peter Sigurd Berdal, 2 år gammal, frå Berdal. Truleg drukna han i elva, men han vart attfunnen i fjorden 15. august. ”Antagelig druknet i elven, Ikke gjenfunden. Gjenfunden i fjorden 15.8”. (Kyrkjeboka for Norddal 1895-1912, s. 177)

 

20 01 19 snøskred avisklipp.jpg


1909. Stranda. Geirangerfjorden. Den 25. mai 1909 gjekk det skred frå Gjerklandsegga og heilt ned i fjorden. Ein eldre mann frå Grande var på fiske ved Gjerklandsneset, mellom Skageflå og Syltevik, og han omkom. Dette var Karolus P. Grande, 75 år gammal. Folka på Skageflå såg skredet som kom mot båten, og dei gjekk ned til fjorden og sette utpå få å kome til hjelp. Dei fann han død, flytande i sjøen, og av båten var berre nokre fliser att. ”Omkom paa en fisketur ved Hjerkland, idet et sneskred kom over ham i inderste Hjerklandsviken.” (Sunnylven og Geiranger bind 1: P.A. Lillebø, 2. utgåve ved Stranda Sogelag 1999 s. 79  -  klokkarboka for Geiranger/Sunnylven 1885- 1963 s. 51  -  Sunnmørsposten 26.5. 1909 s. 2 – Romsdals Amtstidende 28.5. 1909 s. 1) SKRED

 

1912. Norddal. Sakarias Jørgensson Ytterli, f. 1974, brukar på Selboskar, drukna utanfor Seineset, då han saman med fleire 19. april i 1912 skulle hente jordmor i Tafjord og vart pårent av motorbåten Odin. Sakarias prøvde å hindre samanstøyten, vart råka i hovudet av baugen, fall i sjøen og drukna. Robåten kvelva, også dei andre vart kasta på sjøen, men vart berga. Jordmora flaut på stakken og dei to karane klamra seg til båtkvelven. Gravferd 26.4. ”Omkom ved drukning i det en motorbåt stødte paa robåten.” (Kyrkjeboka 1895-1912 s. 196 – klokkarboka 1911-1921 s. 165  - informant Margot Selboskar)

 

1913. Norddal. Kristian Eliasson Viken drukna 26 år gammal ved Vikaflåa, på heimveg frå Sylte den 22. november 1913. Han  budde i Vika, var nyss gift, men berre nokre veker etter bryllaupet var det at han drukna. Han hadde vore av stad for å hente posten, og færingen vart teken av eit kraftig vindkast. ”omkommet ved drukning.” Kristian var eigentleg fødd i Minneapolis, USA då foreldra Elias Viken og Karen Lovise Tafjord var der på den tida. Gravlagd 8.12. Enka Berte gifte seg opp att med Jacob Riksheim i Sykkylven. (Klokkarboka 1911-1921 s. 169  - informantar Elias Viken og Sigurd Strøm)

 

1915. Norddal/Ålesund. Ole Rolfsen Dale, frå Dale,  ugift fiskar død den 10. september i Ålesund: ”Druknet paa Aalesund havn, hvorledes ukjent.” (Klokkarbok for Norddal 1911-1912 s. 173)

 

1916: Norddal/Ålesund. Elias Larsen Høyhjelle. Ugift matros, med bustad på Sylte. Døde 12. august 1916, 22 år gammal. ”Død ved drukning. Død i Aalesund. Faldt ud for kaien.” (Klokkarbok for Norddal 1911-1921 s. 175)

 

Druknet 1917.Linge.jpg
Romsdals Amtstidende siterer Søndmørsposten om denne drukningsulykka der ein tiåring omkom.

1917. Norddal. Tysdag 4. juli 1917 drukna Ole Jacob Olsen Linge, 10 år gammal. Han var saman med tre kameratar i ein liten båt borte på sjøen. Båten gjekk rundt, dei eine av gutane symde i land, medan den andre heldt den ikkje symjedyktige guten og venta på hjelp. Men Ole sokk under og vart ikkje funnen att før utpå kvelden. Faksimile i arkiv. (Klokkarbok for Norddal 1911-1921 s. 178  - Romsdals Amtstidende 27.7. 1917 s. 2)

 

1917. Norddal. en 12. august drukna Martin Livian Iverson Indreeide, dagarbeidar på Indreeide, 20 år gammal. ”Omkommen ved drukning under bad.” Kvar? Mest truleg i vatnet? (Klokkarboka for Norddal 1911-1921 s. 178)

 

1919. Norddal. John Olaison Rødal frå Haugen, son til Olai og Olina, (som budde hos dottera og svigersonen som var handelsmannen i Tafjord ved Tafjordulykka). John drukna i sjøen berre 7 år gammal, den 21. juni 1919. (Klokkarbok for Norddal 1911-1921 s. 181)

 

1920. Norddal. 28. november 1920 var mykje folk på sjøisen. Inne på Dalsvika for Ivar S. Dale gjennom isen, og då dei prøvde å berge han, for også den 17 år gamle Tore L. Ytterdal, f. 1903, frå Larsbakken, gjennom isen. Begge drukna, endå dei kunne symje. Den 1. desember var isen så tjukk at dampbåten nådde berre til iskanten ved Ospehjellneset. ”Gjekk gjennom isen på Dalsvika og drukna.” Gravferd 6.12. (Klokkarboka for Norddal 1911-1921 s. 185  - Ætteboka s. 941 - informant Borgny Relling)

 

1922. Stordal. Den 10. september 1922 drukna Paul Erhard Marius Karlsen Nygård, 21 år, med bustad på Stavdal. ”Druknet”. Manglar info, men truleg skjedde dette på fjorden. Gravferd 16.9. Ikkje kyrkjebok. (Klokkarboka for Stranda/Stordal 1908-1953 s. 157)

 

1923. Sykkylven. Den 8. januar 1923 drukna 5 personar frå Sykkylven. Dette var Martin Kjemphol (45), Johannes Kjemphol (72), Bernt Haugset (75) og Nikoline Kjemphol (63 år). Om alle fem står det; ”Forulykket ved drukning, storm kantret baaden.” ”Druknet i Storfjorden”. Om Johannes Kjemphol og Nikoline Kjemphol står tilføyd: ”Liket er ikke funnet”. Dette var eit følgje som hadde vore i julegilde på Honningdalsnes. Dei rodde i ein alminnleg færing via Aursneset og over fjorden. Det vart ruskever på dei tida dei skulle ro tilbake, og dei vart rådd frå turen, men la av stad likevel. Om lag midtfjords på tilbaketuren tok eit vindkast og kvelvde båten. Folka i Honningsdal vart vitne til forliset, men kunne ikkje hindre at alle fem omkom. (Kyrkjeboka for Ørskog/Sykkylven 1916-1937 s. 237 – informant Norunn Heggebakk Steinnes)

 

1924. Sykkylven. Erstad. Den 27. februar 1927 drukna gardsarbeidar Peder Johansen Sandvik, med bustad på Erstad. Han vart 24 år gammal.”Druknet, gikk gjennnem isen”. Truleg var dette på sjøisen ved Erstad i Sykkylvsfjorden. (Kyrkjeboka for Sykkylven 1916-1937 s. 240)

   

1926. Norddal. Atter eit forlis utanfor Syltfjellet. Dette var snikkar Lars Bastian J. Øie, f. 1878, som omkom den 13. november 1926, ei drukningsulykke i sterk storm på reise saman med to andre frå arbeidsstaden i Fjørå til sine heimar i Ytterdal. Laurdag 13.11. skulle tre mann, Lars Øye, sonen og ein til ro frå Fjørå til Ytterdal. Det bles mykje og dei fekk eigentleg advarsel om ikkje å fare, men dei rodde av stad, og utanfor Selstokkneset gjekk båten rundt av ein kastevind. Dei tre var liggande å baske i sjøen, prøvde  å kome seg opp på kvelven, men båten gjekk rundt igjen fleire gonger. Etter ei stund kom Tore Ytterlid til hjelp med båt frå Fjørå – men då var Lars Øie allereie død. Legen prøvde opplivingsforsøk, men det nytta ikkje. ”Drukning” står det berre i klokkarboka. (Klokkarboka for Norddal 1921-1939 s. 166  - Heradsstyreprotokollen – Sunnmørsposten 15.11. 1926 s. 4)

 

1932. Norddal. Den 8. juni 1932 drukna guten Mons Johansen Vågenes (lærarson) 8 år gammal. ”Ulukkeshende. Drukna ved Sylte kai.” (Klokkarboka for Norddal 1921-1939 s. 175)

 

1933. Sunnylven. 25. juni 1933 drukna tannlege Knut Knutsen Hole, bustad på Stranda, f. 24.7. 1903, nesten 30 år gammal. ”Drukning”. I fjorden? Manglar info. (Klokkarboka for Sunnylven 1919 s. 32)

 

1934. Sunnylven. Den 25.8. 1934 drukna gardbr. barn Marta Knutsdtr. Sæter, 2 år, med bustad på Sæter. Manglar info, i fjorden, i ei elv? ”Drukning.” (Klokkarboka for Sunnylven 1919 s. 33)

 

1934. Norddal/Nordland. Ein  24 år gammal gut frå Tafjord fall overbord frå ein fiskebåt og drukna, melder Nordlands Avis 9.1. 1934. Finner ikkje dette i kyrkje/klokkarboka, og det må ha skjedd i Nordland. (Nordlands Avis 9.1. 1934)

 

1934. Norddal. Tafjordulykka, 7. april 1934. Langhammaren på nordsida av Tafjorden hadde ein sprekk i seg som i minst 60 år vart kjent for å utvide seg, og dette fjellpartiet stokk ut frå 730 meters høgde med ein samla masse på omtrent 3 millionar m3. Flodbølgjer slo inn og utetter fjorden, opp til 63,5 m høgde, 23 drukna i Tafjord, 17 i Fjørå. Meir 70 hus vart tekne. Flodbølgjene spreidde seg utover heile Storfjorden. (Dommedagsfjellet: Astor Furseth, Gyldendal 1985 - Finn A. Jørstad: Waves generated by Landslides in Norwegian Fjords and Lakes. NGI, Oslo 1968 -  klokkarboka for Norddal 1921-1939 s. 178)   SKRED

 

1958. Ørskog/Sykkylven. Oluf Olsen Midtgård, frå Hundeidvik, omkom under fiske på fjorden rett utanfor Hundeidvik 29. april 1958. Han var fødd 1907. (Ættebok for Ørskog s. 506 -Gravminner i Norge, DIS)

 

1968. Sykkylven. Vindsnes. Rett før jul, den 20. desember 1968, drukna Petter Severin Olsen Søvik (f. 1905) i fjorden utanfor Vindsnes som ligg nord for Søvik, rett overfor Gausneset ved Sjøholt. (Sykkylven Gardssoga 4: Martin Gjævenes, 1983. s. 287 - Gravminner i Norge, DIS)

 

1969. Sunnylven. Om sommaren  29. juli 1969 drukna Randi (f. 1957) og Gunnar Sårheim (f. 1920). Dette skjedde ute i Sunnylvsfjorden der fjorden tar av inn til Geirangar. Dei var truleg på fisketur, og båten deira vart teken av ein kastevind og gjekk rundt. (Sunnylven og Geiranger bind 1: P.A. Lillebø, 1999 s. 382 – informant Inge Bjørdal)

 

1977. Ørskog. Ola Jens Kåre Sjøholtstrand f. 1928, drukna på Ørskogvika 16. juli 1977. ”Kom bort på sjøen 16.7. 1977”. (Ætteboka for Ørskog s. 451- Gravminner i Norge, DIS)

 

2005. Stranda. 2. august 2005. Ein kajakkpadlar drukna ved å ha blitt råka av steinskred mellom Matvika og Korsen i Geirangerfjorden. (Sunnmørsposten 3.2. 2005)  SKRED

 

2010. Norddal. Den 23. juli 2010 drukna ein 49 årig mann ved oppdrettsanlegget ved Kvernhusneset (Leif Båtnes) i Tafjorden. Han vart funnen livlaus i sjøen ved mærene der. Det var ei arbeidsulykke. (Sunnmørsposten 24.7. 2010)