Forliset

I tidlegare tider var det vanleg at bøndene ved Storfjorden rodde, eller segla, til Ålesund eller Borgundkaupangen i ymse ærend. Ofte tok dei med varer for sal; det kunne vere ved, bork, næver, tretynner eller matvarer av ymse slag. Tidleg ein haustdag ein gong i 1880-åra, la Peder Johan Johannesen Heggebakk ut på ei slik ferd og trerøringen var lasta med ved. Han var frå garden Heggebakk som ligg på nordsida av Storfjorden, om lag 3 km sør for Glomset, der han var brukar i tida 1872 til 1913. Han var gift med Sofie Regine Larsdotter frå Honningdal og dei hadde fire born då dette hende. Ein nær slektning av Peder, Petter Edvard Glomset, var med i båten; han hadde ein stiv fot og av den grunn hadde han  redusert førlegheit. Peder si dotter, Nikoline Marie, var òg om bord. Ho vart kalla Lina, og ho skulle vere til hjelp på ferda og kanskje skulle ho for første gong få vere med på ein tur ut til byen.

 

MF Flisneset.jpg

På biletet ser ein der Storfjorden møter Hjørundfjorden og Sulafjorden. Midt på biletet er Flisneset med Flisnesholmen. Garden Svartebekk ligg på sørsida av fjorden, heilt til venstre i biletet. Storfjorden er om lag 3000 m brei på denne staden.  Flyfoto frå Widerøe-arkivet 1950-1960 (Frå Aalesunds Museum sitt bildearkiv.)


Det var noko sterk vind då dei la ut på fjorden om morgonen, men dei strekte opp segla likevel og dei heldt god fart vestover. Vinden auka på til lenger ut i fjorden dei kom, og utanfor Flisneset gjekk det gale. Ei kastebyge la båten over så han gjekk rundt, og alle tre hamna i sjøen. Peder kom seg først opp på kvelvet og vart då vár dottera som låg inn til båten og prøvde å halde seg fast, men ho makta det ikkje og måtte ofte sleppe taket. Lina hadde langt hår som var fletta og Peder greidde å nå ned til henne, slik at han fekk eit kast rundt handa si av fletta og dermed greidde han å halde hovudet hennar over sjøen. Med hi handa heldt han seg sjølv fast på kvelvet. Men så vart han vár at Petter Edvard òg hadde vanskar med å halde seg fast. Etter ei stund kom han likevel nær nok til at Petter fekk bite seg fast i trøya til Peder, og slik greidde han å halde seg flytande. Vinden hadde auka på, det var hardt ver og uroleg sjø og det såg vonlaust ut for dei tre ved båtkvelvet. Sjølv om det var lita von om at nokon kunne høyre dei gjennom vind og bårebrus, ropte og skreik dei om hjelp.

 

MF trerøring.jpg

Trerøring med kløversegl. Kanskje såg båten til Peder Heggebakk om lag slik ut då dei la ut på fjorden om morgonen, men han var lasta med ved og låg truleg noko tyngre i sjøen. Bilete frå "Fiskarsoga for Sunnmøre og Romsdal" av Paul Moltu.


Sofie og Tomas på Svartebekk

På sørsida av fjorden budde Tomas Eliassen (1853-1937) på Langhol, bruk nr 2 på Svartebekk, ein plass ved sjøen om lag midtvegs mellom Hundeidvik og Tusvik. Han var fødd på  Eliasplassen på Kurset i 1853 og i 1888 vart han gift med Marte Sofie Knutsdotter (1857-1931) frå hovudbruket på Svartebekk (sjå Gardssoga III for Sykkylven, side 452).

 

Denne morgonen var Tomas på veg til fjøset. Av gamal vane stogga han eit bel og såg nordover fjorden; det bles kuling og det var grov sjø der ute. Då høyrde han brått rop om hjelp. Han skjøna straks at nokon var i livsfare og sprang til næraste grannen og ville få han med på berging. Men grannen meinte at det var livsfarleg å legge ut på sjøen i det veret. Tomas sprang då til den andre grannen i same ærend, men han òg svarte at risikoen var for stor. Tomas sprang heim att og mismodig fortalde han til kona si korleis det hadde gått. Ho sa då med ein gong: «Eg skal vere med deg Tomas, kom!», og dei sprang til naustet. Der fekk dei ut ein stor færing, sette opp litt segl, og i den sterke kulingen kryssa dei seg ut til dei fann båtkvelvet. Dei såg ei jente som låg i sjøen på den eine sida av kvelvet, og Tomas sa til Sofie: «Ta seglskautet og styrevolen og hald så nær opp til kvelvet som råd er, så skal eg prøve å gripe fast i jenta». Sofie gjorde som han hadde sagt, og Tomas fekk tak i jenta og berga henne inn i båten. Neste baut førte dei nær nok til at dei fekk tak i dei to andre, men dei var sterkt mødde og det var i siste liten for alle tre.

 

Oftast høyrer ein om ulukkene der folk har omkome, men som denne soga viser, hende det òg at folk vart berga, sjølv når det såg ut som mørkast. 

 

Korleis gjekk det med dei?

Bergingsoperasjonen var vellukka og alle kom heim i god behald. Korleis gjekk det med dei seinare i livet? Om Peder Heggebakk veit vi ikkje anna enn at han held fram med livet sitt som bonde og  brukar av Madsgarden på Heggebakk. Truleg gjorde han seinare mange turar med trerøringen til Ålesund, det var vel ikkje råd med noko anna. Han skal ha auka buskapen dei neste åra og heldt god drift på garden. I 1913 gav han over bruket til sonen Johannes Andreas.

 

MF Peder_Sofie2.jpg

Peder Johan Olaus Johannessen Heggebakk (1845-1930) og kona hans, Sofie Regine Larsdatter (1848-1910). Ho kom frå Honningdal i Skodje. Dei brukte Madsgarden på Heggebakk i Skodje, i tida 1872 til 1913. Meir om folket på Heggebakk: sjå artikkelen «Spekulanten» av Norunn Heggebakk Steinnes. Biletet er henta frå nettsidene til Skodje Sogelag.


I bygdesoga for Sykkylven er det nemnt at dotter til Peder Heggebakk, Nikoline Marie (Lina) skal ha vore berre 8 år då forliset skjedde. Ho var fødd i 1872 og ein skulle då kunne tidfeste forliset til 1880. Men i forteljinga er det òg sagt at dette hende i 1880-åra, og vi har grunn til å tru at Lina i røynda kan ha vore omkring 18 år og at forliset skjedde i 1889. Dette høver betre med det som er opplyst om Tomas Eliassen Svartebekk, då han er registrert som brukar av Langhol først frå 1888, det same året han vart gift med Sofie Knutsdotter.

 

Ungjenta Lina må truleg ha levt med vonde traume i åra etter forliset, men vi veit ikkje anna enn at ho fekk eit etter måten bra liv, sjølv om ho kom til å oppleve meir sorg enn dei fleste. I 1892 vart ho gift med Peter Olaus Kristoffersen på Digernes i Skodje og dei fekk mange born. To av døtrene døydde tidleg av sjukdom, 14 og 17 år gamle, og den eine sonen, Kristoffer Johan (1896-1919), omkom på sjøen, berre 24 år gamal.  Han var med på fiskebåten «Glimt» frå Skodje då ulukka hende 27. juni 1919. Dei låg på «Egga» og fiska då det brått bles opp til storm. Styrehuset på båten vart knust av ein brottsjø og Kristoffer, som stod til rors, vart slegen over bord og kom bort. Sjøen fylte maskinrommet, motoren stogga og det var ikkje mogeleg for mannskapet å gjere noko for å berge guten. Lina tykte nok at det hadde vore mest som eit under at ho sjølv hadde vore med på eit forlis på Storfjorden, og kome levande frå det; truleg vart det ekstra vondt for henne at sonen skulle få oppleve det same, men at han mista livet der ute på havet.

 

MF Peter_Nikoline_1892b.jpg

Nikoline (Lina) Marie Pedersdatter (1872-1959) vart gift i 1892 med Peter Olaus Kristoffersen (1868-1943) på Digernes i Skodje.  På biletet sit ho med eldste barnet, Marie Kristofa (f. 1893), på fanget.  Biletet er henta frå nettsidene til Skodje Sogelag.


Tomas Sortebekk, saman med andre frå Svartebekk  og Hatlemark, var gjennom åra med på fleire redningsoperasjonar, både på Storfjorden og på Hjørundfjorden. Lensmannen i Ørskog sende i 1893 brev til Amtmanden i Romsdal Amt, der han fortalde om dei modige redningsmennene, og brevet vart oversendt til kong Oscar II. Dette førte til at alle karane, ved kongeleg resolusjon av 4. september 1893, fekk tildelt redningsmedaljen, kong Oscar II's medalje «for Ædel Daad». Men det var slik den gongen som no, at øvrigheita ofte gir med den eine handa og tek med den andre; ein gong seinare måtte Tomas selje medaljen for å greie ut skattar. Det er elles fortalt at Lina, jenta som var berga, ved eit seinare høve gav ei sølvskei til Sofie, kona til Tomas.

 

MF Redningsmedalje.jpg

Ved kongeleg resolusjon av 4. september 1893 vart redningsmedaljen av 3. klasse tildelt fire menn frå Hatlemark og Svartebekk, mellom dei Tomas Eliassen. Grunngjevinga var at dei «til forskjellige Tider at have reddet Mennesker fra at omkomme paa Sjøen». På framsida av medaljen står innskrifta: «OSCAR II NORGES OG SVERIGES KONGE». På baksida: «FOR ÆDEL DAAD».

Flisneset

Gjennom alle tider har det skjedd mange forlis på den korte fjordstrekninga ved Flisneset, og særs ofte har folk drukna der, både born og vaksne. Endå til godt sjøvande folk har blitt overraska av plutselege kastevindar og vanskelege straumtilhøve i sjøen, der Storfjorden møter Hjørundfjorden og Sulafjorden. I ei avis frå 1884 finn ein denne kommentaren: «Flisfjorden er et for Baadseillads overmaade farligt lidet Fjordstykke, hvor Ulykker aarlig pleier at indtræffe.» Flisfjorden  er i røynda ikkje eit namn på ein del av Storfjorden, men er namnet på fjordarma som byrjar i sundet mellom Flisnesholmen og Kvasneset og strekker seg nordover til Vegsundet. Fjordstykket sør for Flisneset vart tidlegare gjerne kalla Flishavet.

O. Rygh trudde at neset må ha fått namn etter holmen som opphavleg har heitt Flisa eller Flisholmen, og namnet Flisneset har deretter smitta attende til holmen som er blitt heitande Flisnesholmen. Namnet kjem av det norrøne ordet flís, som tyder flis (som i treflis). Eldste skriftlege forma av namnet er Flesnes eller Flissnes frå 1603/1606.

 

 

Kjelder:

Årsskrift 1980 Skodje Sogelag, artikkel "Ein planlagd bytur i 1880 åra" av Elias Fylling.

Gardssoga III for Sykkylven, Gnr 48 Svartebekk (s. 452f).

Bygdebøkene for Skodje.

Årbok for Sykkylven 2012.

24.04.2021