Karen Marie Heggebakk, fødd 1856, vart gift med Johan Edvard Kjemphol på «Fløten»  (gnr. 12 brnr 2)  i Sykkylven.  Garden ligg på sørsida av Grebstaddalen og grenser mot Eidem og Lyshol, ca. 4 km. frå Aure sentrum. Dei fekk fem barn og tre av desse reiste over til Amerika.

Martin Edvard       fødd  1879  -   død   1923
Johannes  (Jon)     fødd  1881  -   død   1923
Elise  (Lisa)             fødd   1884  -  død   1941
Johanne                  fødd   1889  -  død    1968 i Seattle. 
Nikoline                  fødd   1891  -  død    1923  

Den eldste sonen, Martin Edvard Kjemphol  (Ed Campbell) reiste til Washington som 20-åring i mars 1901.  I 1903 drog han til Alaska for å grave gull. Her dreiv han gruve saman med fleire Sykkylvinger.  Etter endt gulljakt budde han i Fairbanks før han i jula 1922 reiste heim for å ta over garden på Kjemphol.

 Johannes  Nikolai   reiste til Tacoma, Washington i september 1902. Han arbeidde i skogen, før han, som broren, sette kursen for gulljakta i Alaska.  Han kom heim til Sykkylven i 1914 med 20.000 i lomma.   Året etter  gifta han seg  med  Berte, dotter til Reite-Bernt og flytta til Reitebruket på Haugset,  nabogarden, (gnr 13 brnr 1).  Han tok over Reitebruket i 1915.

Den tredje av søskena på Fløten som reiste til Amerika var Johanne.  Ho vart gift med Ingolf Harberg frå Brattvåg.   Dei fekk 4 barn og Johanne kom heim med barna i 1923 for å hjelpe mor etter ulukka.   I 1925 reiste ho tilbake Farmington  med barna og i 1951 flytta familien til Seattle der dei budde sidan.

Ei av døttrene til Karen og Johan, Elise (kalla Lisa) vart gift med Johan Honningdal i Honningdalen på Glomset. Nikoline, den yngste, var ugift.

Den 7. januar 1923 skulle Johan Edvard og tre av borna, Martin Edvard, Johannes og Nikoline og verfar til Johannes, Bernt Nilsen Hauseth, ro over  Storfjorden til Honningdalen for å vitje  Lisa og Johan, med familie.  Dei rodde frå Aursneset og over Storfjorden  til Honningdalen.  På den tida var det vanleg at familiane besøkte kvarandre i jul- og nyttårshelga og dei overnatta i Honningdalen til neste dag.

Dagen etter, då dei skulle ro heim, hadde det byrja å blåse opp på fjorden og slektningane i Honningdalen bruka alle slag overteljingsmåter for å få dei til å overnatte endå ei natt for å sjå om veret  hadde roa seg.   Som årsaking for å reise hadde dei ein invitasjon til ein annan stad om kvelden og valgde difor å reise.  Lisa var svært redd for familien sin og ho gjekk difor utover etter den grasgrodde bygdevegen til Nes-Røra for å sjå etter dei.

I Honningdalsneset såg dei og færingen som kjempa mot bårene på Storfjorden mot Aursneset.  14-årige Øystein sprang ut på Vikahaugen for å ha bedre oversikt. Dei andre sat og såg frå kjøkenglaset og fylgde spente med på korleis det gjekk med robåten.

Etter at båten hadde passert Storholmen og var ca. utfor Heggebakk og me-fjords, kom det ein brottsjø som kvelva robåten.  Kven som først fekk varsle Ingvald Honningdal, så han kunne gå bort til kvelven med motorbåten, er ikkje kjendt, men då han kom dit fann dei Martin Edvard hengande over ei tofte. Det  var lite  liv  i han då dei fekk han opp i motorbåten og han døydde på veg mot land. Dei andre fire var forsvunne i djupet. 

Martin Edvard vart gravlagd i Sykkylven.  I  klokkarbok for Ørskog Prestegjeld, Sykkylven sokn var dei andre nemnde med at dei ikkje vart attfunne.

Forlis i Storfjorden.jpg

Kart av storfjorden med visning til ulukkestaden (markert med raud sirkel).


Min bestefar hadde stått på trappa på Heggebakk og sett på hendinga. Dei tre søskena Kjemphol var hans søskenbarn.

Båten vart teken med til Honningdalen, og den dag i dag ligg båten i naustet der.  Året etter ulukka fekk Lisa og Johan Honningdal tvillinger.  Desse vart kalla opp att etter brørne til Lisa som drukna i Storfjorden, og Edvard som vart neste eigar av garden i Honningdalen hadde gitt beskjed til etterkomarane at båten aldri meir skulle på sjøen, for dette var ein  ulukkesbåt.

Ulukkesbåten.jpg

Ulukkesbåten inne i naustet i Honningdal.



Kjelder: Hendinga er fortalt av forfedrene mine: Bestefar Johannes Heggebakk og Øystein Honningdal. 
Gardshistorer frå Sykkylven  (Bind 1,  s. 341 og s. 357).
Klokkerbok Ørskog Prestegjeld, Sykkylven sokn       (s237) 
Kjempholslekta. Av Bjørn-Inge Aurdal etter slektsstemne på Orreneset .