Av: Harald Kjølås

Leif Erikson - ved kai i Brattvåg-1974.jpg
Fraktebåten M/S «Leif Erikson» som køyrde på Skrenakken 1. september i 1970, var ingen liten båt. No ligg han på over 300 meters djup. Båten har ei særs skiftande forhistorie. Han vart bygd som frakteskute på Mjøsa i 1872 under namnet D/S «Viken». I 1942 vart båten delt i tre delar og frakta med jarnbane til Oslo, der han vart gjenoppbygd og forlenga som frakteskuta M/S «Haukøyfjord». I 1953 vart båten kjøpt på tvangsauksjon av Ole Pettersen i Ålesund og gitt namnet M/S «Torvald Eriksen» og sett inn i ruta mellom Bergen og Ålesund. I 1968 vart båten ombygd og forlenga til 111 fot og omdøypt til M/S «Leif Erikson». Båten hadde i alle fall åtte liv, men ikkje det niande. Her ligg han ved Brattvåg Skipsverft i 1974 for å ta om bord sementtankar produserte for Norwegian Contractors. Det var altså denne båten som forliste ved Skrenakken.


Natt til måndag 1. september i 1970 kom fraktefartøyet «Leif Erikson» inn Storfjorden med ei sandlast på 180 tonn frå Sæbø som Statens Vegvesen skulle ha på land på Hellesylt. Det var halvskya vêr med litt regnbyer og lite vind. Båten passerte Stranda og var komen omtrent inn til fyret på Uksneset då skipper Jakob Raudøy kom opp på brua. Han så lyset frå Uksnes-fyret, men framover var det mørkt og vanskeleg å sjå på grunn av den landskyggen som kom frå Skrenakken. Både han og styrmannen meinte dei hadde passert Uksneset og såg fjellveggen i Skrenakken på babord (venstre)  side og dermed  var på veg inn Sunnylvsfjorden. Dei speida etter Stokke lykt ved Oaldsbygda, men såg ikkje lys frå henne. Dei hadde på autopiloten og gjekk med ei fart på 10 knop, men hadde ikkje slått på radaren fordi dei hadde hatt så god sikt og hadde sett land på heile turen frå Sæbø, opplyste dei i sjøforklaringa i Ålesund onsdag 3. september.

Men feil tok dei altså, og då skipper Raudøy snudde seg for å sjekke på draftet, han skimta konturane av land, men då han igjen såg ut av styrehusvindauga så såg han fjellveggen rett framfor seg. Han prøvde å rekke fram til manøvreringshendlane, men nådde dei ikkje før baugen small inn i fjellveggen. Spantet mellom forpik og lasterom vart knust og båten tok inn mykje vatn. Dei hadde grabb om bord, og starta denne for å ta ut nokre lass med sand for å gjere båten lettare, men hadde ikkje tid nok. På 3-4 minutt gjekk båten ned, og skipperen greidde så vidt å få raska med seg journalen og kontraboka frå brua før han sprang framover og fekk kasta bøkene på land. Sjølv hoppa han etter saman med maskinisten, mens styrmannen alt hadde kome seg på land på ei smal berghylle. Det var mørkt og kaldt på berghylla. Det regna litt og dei vart etter kvart kalde, fortel skipper Jakob Raudøy som i dag bor i Volda. Dei hadde fått røska med seg ein naudrakett, og det skulle bli berginga. Dei venta til det lysna før dei skaut han opp. Dei såg båtar på fjorden, og det raude lyset frå naudraketten kom til å bli oppdaga. I halvsju-tida såg dei ein sjark kome mot fjellhylla. Mannen om bord såg litt skeptisk på dei tre forfrosne mennene, men forstod at dei var skipbrotne og tok dei om bord. Sjarkfiskaren var Petter Sætre frå Ikornnes, for tida busett på hybel på meieriet på Stranda. Han var pensjonist og dreiv med garnfiske på fjorden. Ut til Stranda frakta han dei tre skipbrotne, og derifrå tok dei bussen til Ålesund. Ei tid etterpå var Ødegård Berging inn til Skrenakk-landet for å sjekke om havaristen hadde lagt seg på ei hylle nede i sjøen som var så pass grunn at det var bergingsvon, men det var det ikkje. Draftet viser at der båten gjekk ned er det over 300 meter djupt, og der ligg nok vraket framleis.


Bergingsmannen ved Skrenakken-Petter Arthur Sætre.jpg
Petter Arthur Sætre frå Ikornnes dreiv på 1960- og -70-talet fjordfiske med utgangspunkt frå Stranda. Det var han som såg naudraketten som dei to forliste på fjellhylla ved Skrenakken hadde sendt opp, og han la til land og tok dei opp og frakta dei nokså forfrosne ut til Stranda, der dei tok bussen til byen.


Den frakteskuta Leif Erikson som gjekk ned har litt av ei forhistorie. Båten vart frå først av bygd som DS «Viken» og gjekk som frakteskute/ passasjerbåt på Mjøsa frå 1873 til 1942. Båten vart bygd på Akers Mek. Verkstad i Oslo i 1872. Det var tre bønder på Toten som eigde båten, men i 1898 tok Eidsvold Dampskibsselskap over. I 1940 vart båten seld til to forretningsmenn i Gjøvik som i 1943 kutta båten i tre delar og frakta han til Oslo med toget, og derifrå med prammar til Holms Slip på Lindøya, der båten vart sett saman og ein del ombygd for ny sjøsetting i februar 1946. I 1950 vart båten kondemnert, men vart likevel ombygd og modernisert ved Glommens mek. Verkstad i Fredrikstad og levert til ny eigar, Perelius Jacobsen i Tysfjord, og fekk då namnet «Haukøyfjord». Tre år seinare vart båten seld til partsreiarlaget Torvald Erikson. Då fekk båten namnet M/S «Torvald Erikson». Historisk var Torvald og Leif Erikson brør. Då Ole Pettersen seinare selde fraktebåten «Leif Erikson», fekk «Torvald Erikson» namnet «Leif Erikson» og vart registrert i Ålesund Skipsregister. Årsaka var nok at «Leif Erikson» var eit godt innarbeidd namn på Sunnmøre. I mange år hadde båten gått i fast godsrute til Bergen i konkurranse med MRF. Nytt overbygg vart montert, nye lugarar og styrehus, og i 1960-åra vart båten både forlenga og fekk ny motor, ein Normo 280 HK, og vart sett inn i rutefart og etter kvart også som fraktebåt. Det er knapt mange fraktebåtar som har hatt eit like omskiftande livsløp som dampskipet «Viken» frå Mjøsa som no ligg som vraket «Leif Erikson» på fjordbotnen ved Skrenakken. Dette er truleg det største fartøyet som har forlist i Storfjorden.


DS Viken.jpg
Dette er D/S «Viken», tre bønder i Totenvika fekk båten bygd i 1873. Då var det mange kombinerte frakte- og passasjerbåtar på Mjøsa. Før jernbana kom var det båtane som sto for både gods- og passasjertransporten frå Eidsvoll til Lillehammer. D/S «Viken var sertifisert for 60 passasjerar med last og 225 passasjerar utan last.