Det stunda til jul på den gamle Kastegarden. Året var 1842. Husbonden Nils Kristoffer, 51 år gamal, hadde brygga juleølet, som skikken var og elles ordna det meste av det som høyrde hans plikter til. Kona, Beate, 52 år, og dottera Berte Lovise, 20 år, hadde baka og stelt til allslags god julemat. Det skulle vere rikeleg både til dei sjølve og til gjestebod som skulle haldast i jula.

Men det var eit «men». Julefisken var ikkje komen i hus, og fisk måtte dei ha i jula, på Kastet som i andre heimar kring fjorden. Dei hadde dreng på Kastet denne vinteren, Ole Martinus Nerhus heitte han. Han var 16 år gamal. 


Kastet 1890.jpg

Garden Kastet i 1890. Foto lånt av Liv Randi Bjørlykke.


Beate og Nils Kristoffer hadde og ein son, Knut, som då var 22 år. Men han hadde fest seg til gardjenta på Gjertbakken i Ytterdal, og dermed vart han lite til hjelp på heimegarden.

Nokre dagar før jul  drog Nils Kristoffer og drengen av stad og sette ut garn ved Kastelandet. Det var uroleg ver, men dei vona det skulle gå bra. Det var ikkje vermelding med langtidsvarsel den tida. Dei skulle eigentleg dra garna morgonen etter, men veret var slik at det var ikkje råd å kome på sjøen. Det var nordvest kuling med storm i kasta, og det var snødrev og dårleg sikt, som det heiter. Neste dag var veslejulaftan, og no måtte garna og fisken i land, koste  kva det koste ville. Å ha fiskevegn ståande i sjøen ei helg som jula var heilt utenkjeleg. 

Dermed bar det i båten med dei to, Nils Kristoffer og Ole Martinus. Veret var ikkje betre enn dagen før, kanskje verre. Men prøve måtte dei.

Ved stoveglaset på Kastet stod kona Beate og dottera Berte Lovise og fylgde spent med karane i båten nedfor landet. Beate, som var frå Utigarden på Myklebust i Valldal, var som ventande ikkje so van med sjøen. Berte Lovise derimot, var grovbygd og sterk som få, og vel van med å ta eit tak når det trongst.

Med eitt såg dei to at båten vart kasta rundt av ei stormbyge. Beate seig i hop ved glaset. Berte Lovise tok henne i armane og fekk henne til sengs. Deretter bar det i veg til sjøen. Og det skal seiast: Det var ingen enkel sjoaveg. Berre den som har gått den gamle stien ved Kastenaustet kan ha ei aning om kva ho greidde. I naustet var berre ein båt igjen. Det var trerøringen som dei brukte til å frakte krøter og anna til og frå garden. For å spare plassen i naustet, var denne store og tunge båten surra oppunder bitane, og det var utenkjeleg at eitt menneske kunne greie å få den ned. Ho fann seg ei øks der og kutta taua som heldt. Deretter greidde ho med sine kjempekrefter å skuve båten på sjøen. Men det var også alt. Det synte seg at båten, som ikkje hadde vore brukt på lang tid, var so lekk at han rann full av sjø på kort tid.

Som ein kan skyne, hadde det no gått so mykje tid, at dei to karane var omkomne i den kalde sjøen.

På Korsneset hadde dei sett den leie tilburden, og folk derifrå var dei første som kom og hjelpte dei to kvinnene. Men også ute i bygda var det nokon som såg ulukka. Hjelp og trøyst kom nok mange stader ifrå. Men det er likevel uråd å setje seg inn i den situasjonen dei to kvinnene var i denne julehelga på den einbølte garden.

Det vart sokna og leita etter dei to omkomne heile romjula, men først den 3dje januar vart dei attfunne.

Og her endar denne triste soga. Eg høyrde henne fortalt av gamalt folk i mine gutedagar, og ho gjorde inntrykk på meg slik at eg har hugsa ho sidan. 


Kastet løa.jpg

Løa på Kastet  i dag. Foto: Mette Marie Døving/Torbjørn Osvik

Korleis gjekk det so vidare med dei attlevande i åra utetter? Knut vart, som før nemnt, gardbrukar på Gjertbakken i Ytterdal, og let etter seg ei stor slekt. Av dei 14 borna hans, vart nummer 3 i rekka, Lars Andreas gardbrukar i Osvika, og nummer 7, Malene, vart gift med Karl Elias Engeset. Dei tok over Kastegarden i 1906. Den sterke og modige Berte Lovise vart i 1846 gift med gardbrukar og kommandersersjant Ole Olsen Sylte. 


Kastet våningshusa.jpg

Kastet. Våningshusa i dag. Foto: Mette Marie Døving/Torbjørn Osvik 


Fortellinga stod først på trykk i Storfjordnytt jula 1997.


18.03.2020