Is på fjorden.jpg

Etter at rutebåtane tok til å gå, vart sjøisen ofte ei plage, og dei måtte leige inn ishavsskute av og til for å bryte råk. Men trygg is opna også for ferdsel av folk på tvers av fjorden.



At både Tafjorden, Norddalsfjorden, Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden var dekt av sjøis i lange periodar vinterstid, var nok vanleg både på 1700-talet og i førstninga på 1800-talet som er blitt kalla «den vesle istida». Det vart ein vane, og fjorden kunne brukast til transport då også. Dei laga seg kjelkar som dei drog etter seg, og dei som hadde hest kunne ta seg fram langs fjorden med hest og slede når isen var trygg nok, og det var han som regel høgste vinteren. Men det kunne vere utrygt, og både hestar og folk gjekk gjennom isen og drukna den tida også.  Bruken av sjøisen var nokså vanleg seinare også, men gradvis vart islagde fjordar meir av ei plage. I dagboka til Tore Kleiven i Eidsdal (1840-1928) står det: «Den 4. november 1888 var det Søis så at man ikke kunde komme frå Ytterdal til Sylte.  Søndag 11. november gik Kirkefolket frå Dale Kirke til Ytterdal på Søisen. Den 13. var det gående til Espehjellnes (Ospahjellneset) og Overåselv. Posten blev to ganger befordret til Skrenak og over Fjeldene til Dalsbygden. Isen ble liggende til 17. november». Den 4. november det året gjekk Ivar Skuseth og Ola Eide på sjøisen frå Dalsbygda og over til Linge på nattefriing. Før jul det året gjekk Severin Grønningsæter på skeiser på sjøisen frå Sylte og over til Dalsbygda og tilbake. Isen låg i fleire veker heilt utom Overåneset, slik at rutebåten måtte legge til iskanten i Liabukta. Også Sunnylvsfjorden var islagt. I ei dagbok frå Geiranger står det at 2. november i 1888 så klarna det opp og fjordane fraus heilt ut til Stordalsholmen. Isen låg ikkje lenge så langt ut, men både Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden og fjorden inn til Tafjord låg i vekesvis, og posten vart frakta frå iskanten og over fjella dei inste fjordbygdene. Så mykje post var det nok ikkje i 1888.

Bilde-3-Is i Tafjorden.jpg

MB "Tafjordkraft", kraftselskapet eigen båt, sleit ofte med sjøisen, og måtte av og til også på slipp og reparerast som følgje av basketaka med isen. Båten var for lett til å bryte ned isen når han køyrde seg fram på iskanten.

I ei dagbok frå 1920 står det at sjøisen var så tjukk at rutebåten «Søkelvsfjord» så vidt kom seg inn til kaia i Ytterdal. Folk frå Tafjord gjekk på land her og gjekk fjellet innatt. Folk frå Tafjord gjekk på land i Ytterdal og gjekk over fjellet inn att til Tafjord. Litt av ein tur. Den 28. november i 1920 hende det ei tragisk ulukke på Dalsvika. Fjorden var islagt og kyrkjefolket gjekk ut på isen etter preika. Brått gjekk Ivar I. Dale (21 år) gjennom isen. Han var frå Olagarden i Dale. Det tok tid før dei fekk sett ut båt. Ivar kunne symje, men var tungt kledd og drukna før dei fekk berga han. Under redningsoperasjonen stupte kameraten Tore L. Ytterdal (17 år) uti, og også han drukna. Tore var son til Berte og Lars Petter Ytterdal, Ei hending som skaka fjordfolket. Det vart spekulert i at det var ein varm understraum her som gjorde isen mindre trygg akkurat her. Sjøisen kunne vere lumsk. Ein dag kunne same plassen vere trygg, mens han neste dag var utrygg. Utrygg is var ein risikofaktor, og det var vanleg i alle fall i Tafjorden at når dei skulle ut på isen så skuva dei ein robåt føre seg, gjerne plassert på ein slede, som dei kunne hoppe oppi om isen svikta. Før det vart regulær båttrafikk på fjorden vinterstida, kunne isen bli ganske tjukk, både fem tommar (13 cm) og meir,  og det blir fortalt at dei frakta tømmer med hest og slede på fjordisen frå Røbbervika og inn til Hellesylt.




Bilde 4-Tore L. Ytterdal gjennom isen 28.11.20.jpg

Den 28. november 1920 hende det ei tragisk ulukke på Dalsvika. Fleire unge kom ut på sjøisen frå kyrkja, og ein av dei, Ivar I Dale (21 år) frå Dalsbygda gjekk gjennom isen. Han kunne symje, men var tungt kledd og drukna før dei fekk redda han. Kameraten Tore L. Ytterdal (bildet) frå Ytterdal, hoppa etter for å prøve å berge Ivar, men også han drukna. Tapet av desse to ungdomane var eit hardt slag for folket langs fjorden.


Nesten årvisst kunne Sunnmørsposten fortelje om attfrosne fjordar. Verst var det nok i Tafjorden. Der var dei avhengig av austavinden, skjellå som vi kallar denne vinden på Stranda, for å skuve isflaka ut fjorden. Men is var eit årvisst problem både i Geirangerfjorden, i Sunnylvsfjorden og også i Sykkylvsfjorden fram til Straumgjerde. I tidlegare tider var vegen dit dårleg. Og det vart sjøvegen som vart brukt til godstransport. Det var stor møbelproduksjon på Straumgjerde og i Velledalen i tidlegare tider.

Sjøisen var ikkje berre ei plage, men også til glede for barn og unge. Liv Randi Bjørlykke gjengir i boka si om Kastet eit brev frå Anna Kalstad til broren Johannes som var på Lofotfiske, at sundag 7, mars i 1909 var ungdommen på sjøisen: «Du kan tro at det var moro, han var saa gladt som en glas-rude. Omkring hundrede ungdommer og selfer ogsaa en del, var samlet på isen. Det var seborgbygdara og valldøler og tafjordinger, store og smaa var samlet.»

I 1924 kunne Sunnmørsposten fortelje om fortvila tafjordingar som sakna både rutebåten og andre båtar. Dei prøvde seg med motorbåten «Odin», og då banka dei isen sund med slegger med lange skaft, men det vart for slitsamt. Dei prøvde også å sage råk, men måtte gi seg på det. I 1924 var det elles travløp på Lerstadvatnet, så det var ikkje berre i Tafjorden at isen låg tjukk. Dei mest isutsette fjordane på Sunnmøre var Tafjorden, Geirangerfjorden og Ørstafjorden. Nils Tafjord skreiv ein gong i avisa at skal ein rekne gjennom fleire generasjonar så er det ikkje mogeleg å telje alle plagene som tafjordingane har hatt som følgje av isstengd fjord. Men, trass i det så stortrivst folket der inne mellom dei høge fjella. Sylfest L. Tafjord og Ole M.P. Rødal, også kalla Nedstedal, laga seg ein isplog med 11 kvasse høveltenner. Den lengste tanna var nærare 30 cm lang, og så vart dei kortare framover. Det var opptil 30 mann som drog denne isplogen. Han skar omtrent ei ein centimeter brei opning i isen, og dei laga seg trekanta isstykke som dei så brukte å skubbe ut. Når flaka dreiv av seg sjølve, var det stor jubel.


Isplog Tafjord tegninger.jpg

Skisse av isplogen som Sylfest Tafjord og Ole Rødal laga. Neste bilete viser korleis den vart.

Isplogen.jpg

Det var Sylfest L. Tafjord og Ole M.P. Rødal (også kalla Nedstedal) som fann opp isplogen med 11 tenner som skulle skjere seg gjennom isen. Han var tung å dra, og det måtte 30 mann til for å skjere isen opp i flak som så var skudde ut i ope vatn.

Det blir jo elles fortalt ei historie i Tafjorden om bonden på Korsnesa som skulle sende kona av garde til kjøpmannen inne i Tafjord. Det låg is på fjorden og kona skulle gå på isen inn til handelsmannen. Bonden sende med henne ei lang huskeliste, men sa han, isen er så pass utrygg at eg vågar ikkje å sende med deg pengar. Slik var det i dei dagar.

I desember det året kom rutebåten berre til iskanten på Opsahjellneset, og passasjerar frå Valldal måtte gå i land i Liabygda og tok seg inn til Valldal over fjellet.   

sjøisen 1947 redigert.jpg

Martinus Tafjord tek seg ein søndagstur på sjøisen i 1947. Slufsa i bakgrunnen.


Frå 1858 av gjekk det nokså regelmessig rutebåt inn og ut av fjorden, og desse båtane greidde som regel å lage råk, men ikkje alltid. Då var det å legge til ved iskanten. Slik dei gjorde i 1947 då Tafjorden var islagt i sju veker. Martinus Tafjord hadde motorsykkel og drog ein rattkjelke ombygd av ein gamal spark. Denne vart kalla Slufsa. Det var plass til mange på Slufsa, og Martinus hadde fast rute ut til iskanten med post, varer og passasjerar. To gongar var det også sjuketransport på isen. Den eine gongen i 1947 handla det om 16-årige Ragnhild Nordgård som kjende seg skikkeleg dårleg, truleg blindtarmbetennelse, og det hasta. Det første stykket vart ho lagt på Slufsa og frakta med Martinus sin motorsykkel. I Fjørå gjekk dei i land, og Ragnhild vart boren landevegen ut til Rusetbugen. Så var det ut på isen att ut til Sylte, der la «MB Tafjord» seg inn til iskanten, og kjelken vart hala om bord. Det gjekk bra den gongen også. Neste dag  kom bilferja Geiranger og då måtte isen gi tapt. Motorbåten Tafjord som vart slengt på land av flodbølgja etter Tafjord-raset, fungerte også som isbrytar når isen ikkje var for tjukk. 

På dette bildet frå 1959 har MB Tafjord tydelegvis kome frå Tafjord og har følgt råka ut til Fjørå og er på veg innatt. Den råka var det ishavsskuta "Melshorn" frå Hareid som laga etter oppdrag frå tafjordingane. Også ishavsskuta «Signalhorn» to seg ein tur i i Tafjorden og laga råk før ho reiste på ishavet.  Og etter over ei veke utan båtanløp var det svært når ferja "Trygge" kom inn og la til på ferjekaia. "Trygge" vart også brukt til å halde råka open, men det medførte at ferja måtte reparerast for 48.000 kroner som følgje av nærkontakt med isen. Det tærde på humøret og aktiviteten når ein ikkje kunne lite på sambandet med omverda.

Bilde 1- Tafjorden-januar-1959-4.jpg

Her følgjer den lokale rutebåten MB «Tafjord» etter i råka som ishavsskuta «Melshorn» av Hareid har laga frå Fjørå og inn til Tafjord. I januar 1959 var isproblema store og «Melshorn» vart tilkalla fordi «Tafjord» var for lett og for veik til å bryte opp isen.

Både barna og dei vaksne på fjord- og fjellgardane langs Tafjorden måtte lære seg å meistre faren som utrygg is kunne skape. Sander Korsnes frå Korsneset fortel at han fekk streng instruks av far sin, Karl Gustav,  om å ha med seg båt når dei ferdast på isen. Dei sette ein færing på ein slede og skuva sleden framover mens dei heldt seg i færingen. Slik kom dei seg på skule i Fjørå. Når ver og vegar tillot det så samla ungane på sørsida seg og kryssa fjorden i lag saman med ein færing. Sander hadde alltid med seg kasteline med lodd i enden som dei kunne bruke om nokon skulle gå gjennom isen. Sjølv fekk han lina kasta til seg ein gong han gjekk gjennom isen, og det berga han. 

I bygdeboka for Sunnylven står det at det er sjeldan at sjøisen legg seg på fjorden, men det finst døme på vintrar då heile Sunnylvsfjorden ut til Uksneset har vore islagt og uframkomeleg for den tidas rutebåtar. Geirangerfjorden var langt oftare islagt, og inste del av fjorden kan vere det også i våre dagar. Det problemet er ikkje stort all den stund det ikkje går korkje rutebåt eller ferje vintertid inn til Geiranger. Så lenge det ikkje går ras som stengjer vegen over til Eidsdal er det null problem, og snart er det også slutt på rasstenginga der også.

Isvanskar.jan-59.jpg

Isproblema i fjorden var ei årleg stoffkjelde for avisene. Her frå Sunnmørsposten i 1959.


Då kraftutbygginga starta i Tafjord i 1918 vart det eit langt sterkare trykk på å få eit fast vegsamband frå Fjørå og inn til Tafjord, og det var ikkje minst kraftselskapet sine behov for både utskifting av mannskap og beredskap om noko svikta, som gjorde at det vart bygd tunnel og det kom vegutløysing i 1982.

Alle rekna med at når ferja slutta å gå inn til Tafjord, så ville det ofte legg seg is i fjorden på nytt, men so har ikkje skjedd. Sjølv i harde kuldeperiodar har fjorden vore isfri. Kanskje heng dette saman med mildare klima, men det kan like gjerne kome av at meir varmare turbinvatn enn tidlegare  i dag går ut i fjorden. Ingen saknar isen.

Det er også ti år sidan Geirangerfjorden innanfor Dei sju søstre sist var islagt.

Kunstnaren Marianne Heske som sjølv voks opp i Tafjord, har planar om å lage eit lydspel basert på motorlyden frå den gamle ferja «Geiranger» som også var blant båtane som sto fast i isen. «Icebreaker» kallar ho det.

Geiranger på isen.jpg
Den kjende kunstnaren Marianne Heske som vaks opp i Tafjord, planlegg å lage eit lydspel basert på motorlyden frå den gamle ferja «Geiranger» som også var blant båtane som sto fast i isen. «Icebreaker» kallar ho det.