Storfjordområdet ligg i ei overgangssone mellom Vestlandet og Austlandet. Dette betyr at vêrlaget her ikkje er typisk vestlandsk, men, iallfall for indre strok av Storfjorden, liknar på øvre Gudbrandsdalen og Austlandet.    I våre dagars medieoppslag kan det synest som om klima er noko som er her og no, og det blir gjerne snakka om dei siste målingane (t.d. dei nøyaktige satellittmålingane frå 1979). Men ein så kort tidsbolk er knapt verd å nemne dersom vi har historia som bakteppe.

Istida slepp taket

Den siste store istida hadde størst utbreiing 21 000 – 17 000 år sidan. På den tida var store delar av Skandinavia dekt av ein opptil 3000 meter tjukk innlandsis. Det er spennande for oss å høyre at breforskarane meiner at ved avsmeltinga drog isen seg svært tidleg tilbake frå kyststrøka og fjelltoppane våre nettopp på Nordvestlandet. For 11000 – 12000 forsvann så mykje av breane at folk kunne slå seg til her.    Klimaet har veksla også etter den tid. Breforskar Atle Nesje har vist at norske brear gjorde nye framstøyt fleire gonger, for 11 200, 10 500, 10 100, 9700 og 9200 år sidan. Men for 8500 år sidan var så godt som heile isdekket smelta ned, og klimaet var varmare enn dagens vêrlag. Det vart så mildt at Jostedalsbreen var borte.

 

Brevariasjoner.jpg

 

   Vi må faktisk ha denne klimahistoria i mente når vi skal tolke dei funna som er gjort i høgfjella her i nordvest. Ikkje berre har breane i vår tid trekt seg attende og openberra nytt landskap, men slik breane og isen har oppført seg, er det grunn til å tru at i området vårt var det leveleg for menneske på eit svært tidleg tidspunkt.

 

Langfjelldalen. arkeologi 2012.jpg

 Arkeologar i Langfjelldalen i 2012 påviste ein 10 200 år gammal buplass. Foto: Astor Furseth 

   Og det er funne særs gamle menneskespor i fjellet. Utgravingar i Langfjelldalen (litt aust for Trollstigen) har påvist ein buplass som er meir enn 10 000 år gammal. (C-14: 10 250 år) Dessutan er det datert ein buplass på Lundanes med om lag same alder.

   T.d. gjorde Øystein Mølmen og eg eit funn av ein furustamme i ei myr (1300 moh) mellom Tafjord og Lesja, som vart datert til 85009000 år gammal.

 

Trebit 9000 år.jpg

 Trebit frå furu med funnstad i myr 1300 moh mellom Tafjord og Lesja, C-14 datert til å vere 8500-9000 år gammal. Foto: Astor Furseth

 

Brefritt for 6000-7000 år sidan

I eldre steinalder var breane i Sør-Noreg smelta bort og skoggrensa var 200-300 meter høgare enn i dag. Dette blir stadfesta t.d. av dei nye funna i Tafjordfjella. Granskingar av Fetegga, eit platå på 15-1800 moh aust for bygda Tafjord, har synt at her er det bevart store fangstfelt for reinsdyr, i fleire tusen år under is, no smelta fram og daterte til å vere ca. 6500 år gamle (C-14)

Breane kjem tilbake

Den gjennomsnittlege sommartemperaturen tok atter til å falle noko, det var likevel lenge varmare enn i dag. Men for 6200-6000 år sidan begynte temperaturen å søkke så mykje at breane (som t.d. Jostedalsbreen) tok til å kome tilbake igjen. Og det er dette som forklarer kvifor mange av desse funna av oppmuringar i høgfjellet er så godt bevarte. Isbreen kom og la seg over, og fangststadene vart stort sett liggande beskytta.

Litlehornbreen 2019.jpg

 Fornfunn. Eit bein frå reinsdyr nyss smelta ut av siste rest av breen på Litlehornet i Valldalen. Foto: Astor Furseth. 

   I 6000 år var det generelt ein fallande temperatur, men med innslag av noko mildare periodar. Det finst skildringar i gamle kjelder om bra klima i vikingtid og mellomalder, t.d. då Olav Haraldson kom til Valldal og gjekk fjellheimen austover i januar 1029, kunne det neppe ha vore særleg til vinter. Etter mellomalderen gjekk det nokså raskt mot kaldare tider igjen. Generelt fall sommartemperaturane og nedbøren som snø auka.

   I Norges Naturlige Historie (1752/53) seier Erik Pontoppidan: ”Det var ligsom Solens Glans, Varme og vederkvegende Kraft havde tabt noget mærkelig, og at Jordens Afgrøde kvinede uden ret at komme afsted.”

    

«Aldri hadde det vore verre» - breane når eit nytt maksimum

Den største bre-utbreiinga i denne kaldperioden som altså starta for vel 6000 år sidan, skjedde fram mot kulminasjonen i Den vesle istida, frå 1450-1750. Dette vart ein periode av harde vintrar, mykje nedbør og lågare haust/vår temperaturar.

 

Mannen og isen Høgstolen.jpg

 Den største breen i vårt område er Høgstolen, som viser tydeleg teikn på nedsmelting. Foto: Astor Furseth. 

   Det er klart at klimaet i vårt område stort sett har følgd resten av Vestlandet – men Den vesle istida sette likevel klarare spor her lokalt enn mange andre stader. Historiske kjelder fortel at uår og naturkatastrofar toppa seg nettopp på 1600-talet på indre Sunnmøre. Det vart stadig meir uroleg og kaldt vêr med mange store ulykker både av skred, flaum og orkanar.

    I åra 1600-1603 var det uår og svolt, også lemmen-år og andre smådyr som gjorde store skader.    I 1625 var det sterke stormar og snøen låg til jonsok, og det kom fleire slike år på rad, særleg i 1631 vart det ille, også i 1647, og enda verre i 1695 som vart Det store froståret.    Matrikkelskylda for gardane i Norddal i åra 1610-1679 viser verditap stor skala for minst 15 gardar. I 1654 står det t.d. at ein heil gard vart «bortschølled» i Valldalen, og i 1628 vart Åkerneset råka: «snefond har tat jord og folkene med altsammen». Og om Syltavik står i 1682 «af snefonden med folk og fe udtagen».     I tillegg kom ei mengd gardar med nedsett matrikkelskyld med meir enn 1/10. Tiendlistene gir uttrykk for korleis somrane var, og vi legg merke til at i Stordal var det fleire dårlege år 1611-15, og grønår også i 1620-åra. I 1633 var her eit frostår av dei verste. Det seier noko at på Stranda var det 58 gardar i 1666, medan 35 år seinare var talet minka til 42.    På våre kantar toppa det seg med det store skadeåret i 1679. Året før, 1678, var reine uåret, og slutta med tungt snøfall, sterk frost og stormar frå nordvest. og etter nyåret gjekk det snøskred alle stadar, verst her på indre (og i Bondalen). I alt døde 135 menneske av snøskred natt til 16. februar 1679. Berre i Norddal gjekk 21 ulykkesskred med 70 døde denne natta. Og 1679 heldt fram med snø og kulde, og snøbreen vart liggande metertjukk heilt til kysten, så beinhard at den smelta aldri meir, følte folk. «lite gress og mestendels intet løv paa trærne S. Hans Dag. Derover døde hester og kvæg, så det stod elendigt til» skriv presten Melchior Augustinusssøn.

    

Året 1743-1744 - vendepunktet

Den vesle istida tok slutt i åra 1740-50 med gjentekne uår over heile Norge, no ikkje med kulde, men med uroleg vêr, flaumar, styrtregn og jordskred. På våre trakter kan vi sette som ein sluttstrek for Den vesle istida med årstalet 1743.

   Seinhausten 1743 var det mykje snø, men sist i november slo det om til mildvêr og hyljeregn og jordskreda kom. 17 gardar og meir enn 29 bruk fekk skade, mest her langs Storfjorden, dei største skreda gjekk på Hole i Geiranger, Vollset, Brekke, Dalhus, Hegge og Øye i Eidsdal. På Vestlandet er det registeret meir enn 60 jordskredulykker og flaumar berre dette eine året. Mange stader var det større flaum enn nokosinne.    Utover 1740-tallet vart det så ille at mange gav opp, og flokkar drog rundt om i bygdene som tiggarar, slik futen på Nordmøre skreiv i 1749; at det var flokkar av landstrykarar og anna pakk som for omkring og stal og gjorde bygdene utrygge.

    

Jamt varmare sidan midt på 1700-talet

Breane har sidan 1750 eigentleg vore i jamn tilbakegang, iallfall på våre kantar. Ei gruppe frå Swansea Universitet: The Jotunheimen Research Expeditions (professor John A. Matthews) har blant anna kartlagt tilbakegangen av brear, t.d. Storbreen i Leirdalen, som eigenleg har relevans for vårt område.

Storbrean 2003 med grafikk.jpg

  Storbrean i Lom. Nedsmeltinga av breen er markert med 60-års intervall frå 1750 til i dag. Illustrasjon: J.A. Matthews, Giles Young og Anna Ratcliffe.

 

    Biletet av Storbrean viser tilbakegangen sidan maksimum i Den vesle istida i 1750, med 60 års intervall, og minkinga synest temmeleg regelmessig. Ut frå dette blir det lett å forstå at store delar av terrenget som ikkje var synleg i det heile for relativt kort tid sidan, no er «opna opp» for fornfunn.     Det er i hovudsak dei store nedbørsmengdene som er typiske for 1700-talet. Storofsen i 1789 hadde blant anna som årsak tropevarme og styrtregn, noko som gav den største flaumen nokosinne i landet vårt (skadde eller øydela 1500 gardar på Austlandet og Sør-Trøndelag). Flaumen var så ufatteleg stor at dei siste års flaumar knapt er verd å nemne i denne samanhengen. Det er likevel ikkje så mykje vi veit om Storofsen og eventuelle skadar her på våre kantar.

Flaumstein i Lalm.jpg

  Flaumstein i Lalm, der Storofsen 1789 er markert. Foto: Astor Furseth.

 

Dagbøker fortel om vêret i Storfjorden på 1800-talet

Børre A. Grønningsæters dagbøker går over nesten eit hundreår i Valldalen. Særleg festa han seg med år med klare temperaturavvik når det gjaldt kulde. Sjølv om temperaturauken stort sett heldt fram og breane smelta, kom 1800-talet med tilbakeslag av kjølige periodar.     I 1812 var her stort uår på indre strok, og året blir rekna som Det store naudsåret i vår nyare historie, og nasjonalt: ”Den fattige sultet, den rige led savn” heiter det i Terje Vigen frå denne tida. Det går fram frå dagbøkene at også her lokalt vart det så godt som ingen sommar i 1812. Snøen låg utover juni og juli, og allereie den 1. september kom det snøbyer igjen.    I 1816 var det snøvinter og skredulykker.    I 1834 vart verste kulde- og snøåret på lenge.    Særleg kom en låk periode frå 1835 med regn og kulde, og t.d. 17. april dette året låg det tre meter snø i Valldal. Ein kunne ikkje sleppe ut dyra før 24. juni. Åkerbøen på Gjerde var ikkje snøfri før 11. juli. Dyra vart slepte til seters først 5. august.    Både i 1838 og 1839 var det snøvêr, stormar, orkanar og «allehånde uveir».    Men hadde det vore ille i 1830-åra – var det på indre strok endå verre i året 1849. Då kom endå meir snø, kulde og orkanar. I Valldalen prøvde dei å få plog i jorda 15. mai, enda det låg 1,5 meter snø. Åker og bø vart ikkje snøfrie dette året før 19. juli, og ein prøvde å jaga dyra på setra 21. august, men møtte snø på heimestølane, måtte vente til 2. september for å kome vidare. Den 13. september la snøen seg att på slåttemarkene. Kornet fraus, også potetene, «da tællen var over ett qvart tyk då en del måtte bruke jernstør at stekke opp med.» 

Flaumen 1883 avisklipp _2_.jpg

I dagane før 18.oktober 1883 kom regnet ned i strie straumar. Hus og innmark vart skylt bort, og det gjekk hardt ut over bruer og vegar.

  

Sjøis 

Det var vanleg på 1700- og 1800-talet at Tafjorden, Norddalsfjorden, Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden var dekte av sjøis i lange periodar vinterstid. I dagboka til Tore Kleiven (1840-1928) står det: «Den 4. november 1888 var det Søis så at man ikke kunde komme fra Ytterdal til Sylte. Søndag 11. november gik Kirkefolket fra Dale Kirke til Ytterdal på Søisen. Den 13. november var det gåande til Espehjellnes og Overåselv. Den 14. november gik Ivar Skuseth og Ola Eide på søisen fra Dalsbygda og over til Linge på nattefriing. Isen blev liggende til 17. november.»    I Tafjorden låg isen i vekevis. Også Sunnylvsfjorden var islagt. I ei dagbok frå Geiranger står der at 2. november i 1888 fraus fjordane heilt ut til Stordalsholmen.

   I nyare tid er har ikkje fjordane våre frose til på same måten.

    

Målingane kjem

Vi får eit meir presist kunnskaps-grunnlag i tida som no kom, ved meteorologiske måleseriar. Frå slutten av 1800-talet kom moderne vêrstasjonar inn i landskapet vårt.

   Ein av dei lengste, samanhengande måleseriane for nedbør finn vi på garden Relling i Norddal. Denne stasjonen har målt nedbør sidan 1895. Dei første 5 åra av klokkar Johan Grønningsæter, og etter det har målestasjonen vore i slekta til dagens nedbørmålar Gudmund Relling. Frå meteorologisk institutt blir det fortalt at måleseriane på Relling ikkje berre er mellom dei aller lengste, men også den mest relevante, framfor dei meir inneklemde stasjonane t.d. i Geiranger og Tafjord.

   Her viser vi årsnedbør på Relling, med oppsett i 20-års periodar:

   1896 - 1915: 880 mm

   1916 - 1935: 933 mm

   1936 - 1955: 964 mm

   1956 - 1975: 932 mm

   1976 - 1995: 959 mm

   1996 - 2015: 1086 mm

   Målingane på Relling syner såleis at det i løpet av dei siste 120 åra har vore ei aukande nedbørsmengd, stort sett jamt og trutt, med unntak av ein turrare periode på 1955-1965 då det gjennomsnittlege årsnedbør var berre 842 mm.    På Ørjasæter  i Geiranger har det vore nedbørsmålingar sidan 1903, og i Tafjord kom målestasjon frå 1925.

 

Flaum Frøysa 1987.jpg

 Flaum på Frøysa i Sunnylven 1987. Foto: Stranda Sogelag.

  

Data frå Tafjord målestasjon viser uvanleg høge temperaturar, og har fleire noregsrekordar. Fønvind kan kome heile året. Dette er luft som blir pressa ned mot dei tronge dalane og gi uvanlege høge temperaturar (17 gradar i januar).    Det er stor variasjon mellom sørvendte eller nordvendte dalsider eller fjordlier. På somme gardar er sola borte opp til 8 månader i året!

   I tida 1931-1960 var det målestasjon på Linge, og det viste seg at her var den klart høgaste middeltemperaturen i døgnet i heile fylket med 15.4 gradar i juli. Også målestasjonen i Tafjord har julitemperaturen over resten av fylket, på 14.9 gradar.

   I høve til breiddegraden er det eit godt klima for jordbruk her på indre, sjølv om årsnedbøren på knapt 1000 mm kan bli i minste laget, utan kunstig vatning. Det gode klimaet på Linge har gjort at der finst Europas nordlegaste kommersielle fruktproduksjon. Hagebruket har dessutan gamle røter, for Hans Strøm skreiv alt i 1762 om "skjønne humle- og eplehaver" her. Årleg blir det produsert eple, plomme pære og morell. Også meir eksotiske frukttre veks her, som t.d. fersken, aprikos og valnøtt.

    

Sjøtemperaturen. 

Målingar i Geirangerfjorden utanfor Maråk 1. august 1900:

Djupn             temperatur

0  m                     12,85 gradar

10 m                      5,98 gradar

20 m                      7,02 gradar

40 m                      7,38 gradar

60 m                      7,44 gradar

 

Djupt nede sjøen er temperaturen nokså konstant på kring 7 gradar

    

Stormar på Indre

Dei indre fjordstroka er noko forskåna for herjingane av dei store stormane som kan råke i kystområda lenger ute, men vinden kan utvilsamt ta her inne også.

   Det er kjent at hardvêr kan kome i bygdene her uansett årstid og tidsepoke, og det kan kome brått på. Stormar kan kaste seg ned frå dei høge og bratte fjellsidene, og kastevindar på fjorden er eit frykta vêrfenomen som mang ein gong har vore til mein for folk på fjorden. Og dei mange båtane som gjennom åra har forlist, seier sitt. I Storfjorden er kjent at meir enn 300 personar har drukna på fjorden, særleg mange etter forlis på 1700- og 1800-talet.

 

Den globale havnivået har hatt stigande tendens, men havnivået stig ikkje i Noreg, tvert om, på dei fleste stader har nivået sokke ved at isbreane har minka og gitt landheving.

   For oss som liker fjella her i Nordvest, er det ein fascinerande tanke, at når havnivået søkk, vil nødvendigvis fjella stige! I dei siste åra er det gjort nye målingar til neste generasjon av kart, og for det høgste fjellet i fylket, Puttegga, viste målingane at høgda no er 1999,191 meter. Det vil seie at Puttegga faktisk er blitt 3,5 cm høgare i løpet av dei siste 50 åra, og fleire andre fjell er også blitt høgare, her på Sunnmøre opp til 10 cm. 


07.04.2020

 

 

06.04.2020