Rundt l900 var Norge verdens største eksportør av is med rundt 500.000 tonn årleg. Dette var ei stor næring kvar vinter fram til første verdskrigen. Ved å skjere blokkene store nok, held dei kvarandre kalde nok til ikkje å smelte under overfarten.

 

Også her i distriktet var handel med naturis ei viktig næring. Bildet viser ishuset ved Stordalsholmen som vart bygd av ein som vart kalla Lakse-Erik og som kom flyttande saman med den nye eigaren av Stordalsholmen, Gunder Myhre, som kjøpte holmen og slo seg ned her i 1834 og bygde huset som står den dag i dug, og som er freda.  Ishuset vart bygd rundt 1850, og vart restaurert av Storfjordens Venner i 1984. Dei skar is i Stordalselva om vinteren, frakta isblokkene med båt ut til ishuset, isolerte med sagemask og halm, og då sto isen seg til sommaren. Laksen vart isa og sendt med båt til Alvær i Bergen, der han vart omisa og eksportert til England.

ishuset (2).jpg
Ishuset tilhørende Stordalsholmen

 

Amanda Olsen, den første kvinnelege journalisten i Møre og Romsdal, intervjua i 1942 i Sunnmørsposten to av døtrene til Salamon Myhre, sonen til Gunder Myhre. Saman med broren hadde dei slått seg ned som lærarar i Kristiansund. Broren døydde før krigen, men dei to søstrene miste alt dei eigde da byen vart bomba og brent i 1940. Ei stor boksamling, og mange minne frå Stordalsholmen gjekk då tapt. Dei flytte då til det sommarhuset som mor deira fekk bygd på heimegarden Øvrebust i Stordal, og der budde dei resten av livet.

 

Det var etterspørselen etter ferskfisk både innanlands og i England som auka behovet for naturis. Folk i fjordbygdene fekk ei kjærkomen attåtnæring med isleveransar. I Hjørundfjorden henta dei is frå fonnene langs fjordsidene og ålesunderen Carl I. Spøch fekk festesetel på Vassætervatna i Sykkylven med taubane ned til den fråflytte garden Kyrkjesteinen ytst på Furstranda, der han bygde seg eit ishus. I Tusvika vart det bygd opp eit større anlegg med isskjering i Tuvatnet og bygging av eigne isdammar. Isen vart levert til fiskeeksportørar i Ålesund. Eit avisreferat frå 1907 fortel at det er oppført to ishus i Tusvika med ein kapasitet til å ta imot 700 tonn is. Dei fekk seg også ei elektrisk sirkelsag til å sage is med. Isen i dammane vart ruta opp i blokker på 40 x 70 cm. Dei sende blokkene i renner ned til sjøen, der dei vart lasta om bord i båtar og frakta til Ålesund.

04.03.2019