Stokke-Nils frå Oaldsbygda.Nils Stokke starta tidleg med handel i naustet i Stokkevika. Det utvikla seg godt og endte opp med butikk på Hellesylt.Kategori: Fjordfolket, Personar  Artikkel: Dreiv handel i naustet

Kanskje du vil møte han i historia sitt lys på torsdag. Elles finn du han og andre fjordkarar og -kvinner på internettsida vår : storfjord1.no

Stokke-Nils

 

I Oaldsbygda er der brattare enn det ser ut frå sjøen. Stokke-gardane er bratte. Berre rundt sjølve tunet er det noko flatare. I eit intervju i Sunnmørsposten i 1945 fortel kjøpmann Nils Stokke, Stokke-Nils til dagleg, at når dei sat rundt middagsbordet i Utigarden på Stokke så kunne dei sjå krøtera som beita oppe i fjellet gjennom ljoren. Han fortel om ein hard oppvekst. Alt måtte dei bere på ryggen. Faren døydde tidleg. Nils var knapt tre år den gongen, og mora fekk ansvaret for han og broren. Etter ei tid gifte ho seg att, og den nye mannen dreiv borna hardt. Dei fekk lære alt frå grunnen av, og dei vart vaksne fort. I intervjuet med Olav Hatlemark fortel Nils at i slåtten kom mora og vekte dei klokka fem. Ho hadde med ein brødbit som dei åt mens dei kledde på seg. Så var det i slåtteteigen. I åtte-ni-tida fekk dei morgonmat. Det var varme poteter, flatbrød og sauesmør og av og til eit kvart sauehovud. Arbeidet varte så lenge det var lyst.

Nils gjekk heime på garden til han var 25 år. Han fekk mat og klede, men ikkje pengar. Så reiste han til Hornindal og utdanna seg til ljåsmed. Der sto han i smia frå klokka seks om morgonen til elleve om kvelden og laga åtte-ti ljåar kvar dag. Dei fekk meisteren. I tillegg måtte Nils betale 40 kroner for læretida og halde seg sjølv med kosten. Ferdig smed kjøpte han nabogarden, Innigarden, som ligg nesten vegg i vegg. Han hadde ikkje ei krone, men fekk kjøpe på tillit til inntektene han ville få som smed. Så gifte han seg, og alle spådde at det aldri ville gå, men brura hadde spart 200 kroner  som ho tok med inn i ekteskapet. I 1895 sett dei bu. Nils hadde ei kremmarsjel, og hadde tidleg starta med handel. Som 15 åring var han i Ålesund og selde tynneband. Den turen fekk han også vere med ut på havet og  fekk 14 torskar på rykk. Fisken tok han med heim att. Det vart ysta og selt ost på alle gardane både i Oaldsbygda og andre gardar langs fjorden. Osten selde dei til landhandlarane, men det var eit problem at osten tørka og sprakk, og for handelsmennene kunne det bli tap. Dei nekta difor å ta imot meir ost enn dei kunne bli av med etter kvart. Då var det at Nils kom på å legge ned osten hermetisk. Han vende seg til ein fabrikk i Stavanger og fekk kjøpe 700 høvelege boksar. Første gongen vart det fiasko, men han ga seg ikkje. Han reiste rundt på gardar og sætrar og lærde frå seg korleis dei skulle gjere det, og samstundes tinga han på all osten. Så fekk han tak i kjøparar både på Austlandet, Sørlandet og i Nordland. Det var mykje arbeid og lita forteneste – ti øre netto for kiloet,  men det gjekk fleire titals tonn for året. Dette vart starten på den handelsverksemda som Nils etablerte i Oaldsbygda og som hadde eit naust nede i Stokkevika som base. Seinare vart det butikk på Hellesylt.






3/19/2024