Mange stadnamn er sjølvforklarande og dei fortel oss gjerne noko om eitt eller anna særmerkt ved staden. Til dømes forstår vi utan vidare at "Oshammaren" er ein fjellhammar nær ved elveosen og "Almane" er ein stad der det veks, eller ein gong vaks mykje almetre. Men så er det ikkje alltid så rett fram. Til dømes skal Grautnibba ha fått namnet sitt fordi ungdomane tidlegare brukte å ta med seg graut til toppen av fjellet for halde sætergilde der. Eit anna alternativ kan likevel vere at fjellet i røynda skulle heite  "Grjotnibba" då den første lekken av namnet kanskje kjem av det norrøne ordet grjót som ikkje tyder "graut" men derimot "stein". Namnet på fjellet ville då seie noko om fasongen, slik ein ser det frå fjorden. Eit anna slikt namn er Syltevik, der ein oftast vil tyde første lekken til "eit lågtliggande, fuktig område (sump)", men samanstillinga med "vik" vil kanskje tale for at namnet er utleitt frå "Sylta", eit gamalt elvenamn.

 

Ved Storfjorden finst det mange slike namn som ikkje beinveges kan tydast; ein må kanskje granske gamle skrivemåtar og tolke dei eldste, dialektiske eller norrøne orda for å finne opphavet til namnet. I nokre høve kan ein stad med tida ha fått eit heilt nytt namn, som til dømes fjellpartiet som før heitte Rammerfjellet og vart heitande Skafjellet etter det store raset. Men dette er sjeldne unnatak, dei fleste namneendringane har skjedd på grunn av munnleg "slitasje" og ved at bruk og tyding av gamle ord og uttrykk er blitt endra eller har gått i gløymeboka. Dette har medført at einskilde stadnamn krev ei meir djuptgåande gransking for å finne fram til den opphavlege tydinga, og det er nokre slik namn ved Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden som er drøfta nedanfor.

 

For nokre av namna er kjeldegrunnlaget mangelfullt eller fleirtydig og mogelege forklaringar må reknast som særs usikre. Dei fleste stadnamna nedanfor er nemnt tidlegast i skriftlege kjelder frå 1600-talet, nokre av dei heilt attende til byrjinga av 1300-talet.

 

 

Isflå eller Isflåen (dialektisk: isflåna)  (matrikkelgard nr 98 i Stranda)

Den andre lekken av namnet kjem av norrønt flá som er brukt om ein avsats i ei fjellside, lita flate med bratt berg ovanfor og nedanfor. O. Rygh trur helst at ein må tolke namnet som halvemål, og då har første namnelekken ikkje noko med «is» å gjere. Det er elles ikkje gitt noka god forklaring på namnet då dei eldre formene er mange og sterkt avvikande, som til dømes «Hirdtzflåen» og «Hirsflåen» (Hans Strøm skriv: Hirtzflaae).

 

MF Isflå2008.jpg

Isflå i nyare tid. Eit stein- og jordras i november 2008 dekte over alt som var av jordflekkar og hustufter på garden.  Sjå Skrednett /NVE Atlas object-id: 28252. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.


På vestsida av Sunnylvsfjorden, rett over for Isflå, er der eit anna flå-namn: «Gaddeflærne». Siste lekken her er fleirtal av “flå” medan første lekken er ei sideform av ordet “gald” som har grunntydinga “smal veg på hard grunn”. Dersom namnet «Isflå» er halvemål, slik som Rygh trudde, må rette namnet vere «Hisflå». Det er då nærliggande å tenke seg ei tyding der den første lekken har samanheng med det norrøne ordet hizig, som kan tyde «på den andre sida» (hisset). Sett frå Gaddeflærne, kan namnet Hisflå såleis tydast til: flåa på den andre sida.  

 

Duken  (matrikkelgard nr 12 i Stranda)

Namnet på garden kjem av det norrøne ordet dúkr og viser til ein flekk med dyrka mark som blir samanlikna med ein utbreidd duk. Andre namneformer som er blitt nytta, er Dugelied, Dugen eller Duggen. Garden spela ein sentral rolle i den tragiske kjærleikssoga om om Dorthe og Duke-Pe. I eit brev av 19.12.1727 frå kong Fredrik IV i København, er dei to nemnt som «Peder Arnesen Dugen og Dorethe Abrahamsdaatter». Dorthe vart halshogd på rettarstaden på Uksneset i 1729.

 

 

Oaldsbygda (matrikkelgardane nr 99, 100, 101, 102, i Stranda)

Grunnstammen av namnet er "oald". Tydinga er særs uviss og namnet er ikkje kjent frå andre stader. Ein teori er at namnet har samanheng med mannsnamnet Ovald, opphavleg ei genitivsform av det norrøne namnet Ávaldr (Hans Strøm skreiv: Ovaldsbygd). Sjå artikkel om Oaldsbygda i "Bygdeminne" av Harald Kjølås (https://docplayer.me/23661942-Oaldsbygda-av-harald-kjolas.html) der han mellom anna er inne på at namnet "Oal" kanskje kan vere ei gamal og lokal halvemålsform av Hodal, som skulle tyde "den høge dalen".

 

Fire gardsnamn er kjende i Oaldsbygda:

Stokke – den nedste garden, ved sjøen. Tydinga av namnet er usikker men det kan skrive seg frå elvenamnet Stokka. Det kan òg ha samanheng med det norrøne ordet stokk-land som tyder “rydningsland i skog”.

Seljefloten Namnet er sett saman av trenamnet selja og flǫtr (flate).

Megarden (dialektisk: mé`garden). Namnet må truleg lesast som “garden i midten”. Etter uttale og gamle skriftformer, kan første lekken ha to tydingar: með som kan tyde “mellom”, eller  mið som kan tyde “i midten”. Den andre lekken kjem av ordet garð som her er gitt tydinga "gard", opphavleg tyding "gjerde". 

Øvstegarden – namnet tyder naturleg nok “den øvste garden”.

 

 

Smoge

Namnet kjem truleg av det norrøne ordet smoga (smuga), i tydinga trang opning (smaug). Garden ligg på ei flå med tilkomst i ein trang, bratt elvedal.

 

 

Timbjørgane, òg kalla Tindbjørgane eller Tynnbjørgane  (matrikkelgard nr 94 i Stranda). Truleg var den tidlegaste namneforma timbrbjørgane og hadde samanheng med at folk hogg timber (tømmer) der. Den rettaste, opphavlege namneforma er truleg ein kombinasjonen av dei norrøne orda timbr og bjarg, som vil gi namnetydinga: tømmerberga.

 

MF Timbjorgane.jpg

 Dei eldste gardshusa på Timbjørgane låg på nedsida av nuten (mot fjorden), 586 m over fjorden. Biletet er ei faksimile frå boka "Fjordfolket" av Arild Flydal, Timbjørgane Forlag 2004.


Hellesylt

Den andre lekken "sylt" viser til "eit lågtliggande, fuktig område (sump), gjerne nær sjøen". Det er ikkje dekkande å omsette ordet til "elveos" (ósi) og heller ikkje utan vidare til "myrområde" (mýrr eller mýri); kanskje er det mest dekkande ordet "sjømyr". Den første lekken er oftast gitt tydinga "heilag" og skriv seg frå det norrøne adjektivet heilagr. Namnet blir då rettast gitt tydinga "den heilage sjømyra".

I området ved Hellesylt og i Frøysadalen finn ein andre stadnamn som truleg er avleitt frå "heilagr" (Helbostad, Helset).  Det er òg ein teori om at stadnamnet Frøysa kjem av frøysin, der første lekken er genitivsform av Frøyr, og ein reknar med at på garden kan der ha vore eit gudehov for dyrking av guden Frøy. Dert er såleis mykje som tyder på at her var eit hovsokn i førkristen tid.

 

MF Hellesylt_1880.jpg

 Parti frå Hellesylt, "den heilage sjømyra", datert omkring 1880. Fotograf: Axel Lindahl.


Geiranger

Den eldste, skriftlege forma av namnet er "Gerangh", nemnt i Diplomatarium Norvegicum, bind XV, i eit brev av 25. januar 1308. Opphavleg truleg namnet på sjølve fjorden.  Første lekken kan mest truleg kome av det dialektiske ordet geira (avleitt av gire) som viser til forma på fjorden (eit skeivt løp, sikksakk). Ei anna tyding kan vere at namnet skriv seg frå fuglenamnet “geir”. Siste lekken kjem av det norrøne ordet angr som tyder vik eller fjord.

 

 Homlung   (matrikkelgard nr 122 i Stranda)

Eineståande namn. Lokalt er det ein teori om at garden kan ha fått namnet av at der skal ha vokse godt med humle (grashumle) på staden. Tydinga er usikker, og meir truleg er namnet sett i samband med det norrøne ordet hǫmulgrýti som kan omsetjast til "steingrunn" (humulstein: små rundaktige steinar).

 

Hyske eller Hyskje (dialektisk: høskje)

Dette var ein gard på nordsida av Geirangerfjorden, mellom Bringa og Grande. Namnet var tidlegare skrive på ymse måtar, som «Horrische» (1603) og «Horrschie» (1613) og andre. Det er uvisst kva namnet tyder, men det kan mest truleg ha samanheng med dei norrøne orda hross (hest) og skeið (skeid, kapprenn) og dermed vise til ein stad med hestemarknad og hestekampar.

 

MF Hysket2.jpg

Bilete som viser omlag kvar helst Hyskegarden låg. Oppe til høgre ser ein utsiktsplassen ved den øvste av Ørnesvingane.


Ein gong før 1603 (når det skjedde er uvisst) skal det ha gått eit stort skred ved at fjellet frå Åfjellet til Årset  fall ut og sopte på sjøen heile Hyskegarden med hus, folk og fe. Nyare undersøkingar viser at det verkeleg har skjedd eit stort skred her og hendinga var truleg mellom dei største skredulukkene som ein kjenner til i Noreg. Sjå Skrednett / NVE Atlas, object-id: 27702. Hyske skal ein gong i tida ha vore ein etter måten stor og god gard, men på 1600-talet og seinare vart staden skattlagt som husmannsplass, etter kvart nytta berre til høyslått og beitemark.

 

MF Hysket_skred.jpg

Barytmetrisk bilete av fjordbotnen rett utanfor Hyske viser at skredet som øydelagde garden, var ei faktisk hending. Skredet må ha skjedd før 1603, men sedimenta er ikkje datert meir presist (NVE Atlas).

(Utlånt av NGU v/Astor Furseth).   


Gjørva   (matrikkelgard nr 121 i Stranda)

Den eldste, skriftlege forma av namnet trur ein er "Gefrunger", slik det er nemnt i Diplomatarium Norvegicum, bind XV, i eit brev av 25. januar 1308. Den opphavlege forma var truleg norrønt: Gyrvin,  der første lekken skriv seg frå ordet gor som kan tyde dynd/myrlendt/muddervåt. Den andre lekken (va) kunne ein tru skriv seg frå "vad" (vadestad over elva) og lokalt er namnet sume tider skrive som "Gjørvad". Det er likevel mest truleg at "va" opphavleg må ha vore det norrøne ordet "vin" (eng eller beite), og namnet skulle då kunne tyde "den myrlendte enga".

 

Maråk eller Meråk (matrikkelgard nr 114 i Stranda)

Eldste skriftforma av namnet er Marracker, slik det er skrive i skattelistene for 1603 ("Pengeskatten" for Sunnmøre).  Siste lekken kjem av norrønt akr som tyder åker, men her kanskje meir i tydinga "jordstykke". Første lekken kjem av det norrøne ordet marr som kan tyde hest, eller kanskje av ordet merr som tyder merr, hoppe. Det er ein teori om at garden kan ha fått namn av at der vart halde hestemarknad på staden, og Hans Strøm refererer ei segn om at opplendingane skal ha søkt hit for å kjøpe hestar. Ein må undrast på om der er ein samanheng med Hyske (sjå ovanfor) ved at hestemarknaden der vart flytta til  Maråk, etter at marknaden på Hyske vart øydelagt av skred. Dette må i så fall ha skjedd på 1500-talet, eller tidlegare.

 

MF Merok_1922.jpg

 Postkort som viser Geiranger omkring 1922. Noko av markane til Gjørva ser ein ved fjorden, nede til venstre. Ved elveosen og til høgre for elva ligg Meråk. Ved pila lenger ute i fjorden, låg ein gong Hyske-garden. Homlung ligg på det store neset til venstre i biletet. Fotograf: Anders Beer Wilse. 


Bringa (dialektisk: bringå - bringinne) (matrikkelgard nr 108 i Stranda)

Garden ligg ved Bringefossen (Gomsdalsfossen), om lag 5 km frå Geiranger. Namnet skriv seg truleg frå det norrøne ordet bringa som tyder bringe eller bryst, på folk og fe. I overført tyding skildrar namnet eit breitt, framskytande fjell eller berg, noko som høver med naturtilhøva og plasseringa av dei opphavlege husa på garden. I 1863, på sjølvaste julenatta, kom det eit stort jord- og steinskred som gjorde stor skade på husa og der var ikkje buande for folk etter dette. Garden vart seinare nytta som beiteområde ei tid. I dag er husa borte og berre nokre restar av husmurar viser kvar helst tunet ein gong låg. Sjå  Skrednett / NVE Atlas, object-id: 38877.

 

 

Blomberg (matrikkelgard nr 126 i Stranda)

Stadnamn som byrjar på "blom" finst mange stader i landet, kanskje særleg i Vest-Noreg. Namnet er mykje brukt i Europa og Amerika, men opphav og tyding er usikker. Ein ser gjerne at namnet er gitt tydinga "blome-fjellet" eller "blome-bakken". I Geirangerfjorden kom namnet etter alt å døme i bruk for mange hundre år sidan, nemnt i skriftlege kjelder så tidleg som i 1666. Ein teori om namnetyding viser til det norrøne ordet blóm eller blómi som kan tyde blome, bløming eller trivnad, med andre ord vart garden rekna som ein blømerik, dvs grøderik og triveleg stad. Ordet kan òg tyde bregne (burkne) og meir spesifikt tyde på at garden fekk namnet fordi der vaks mykje bregne på staden. Dette kan samsvare med gardsnamnet Rønneberg (sør for Eidsdal) som truleg kjem av reyniberg; ein stad der det vaks mykje rogn.

 

MF Blom_Syltevik.jpg

 Bilete som viser Syltevik nede ved fjorden og Blomberg oppe på berghammaren, ca 450 m høgd over fjorden. Gardane ligg omlag midtvegs mellom Geiranger og Hellesylt.


Lundenes  (matrikkelgard nr 104 i Stranda)

Namnet er samansett av orda lundr (trelund) og nes (nes, odde) og garden er rekna for å vere særs gamal.  På staden er det gjort arkeologiske funn (boplass) som er datert til steinalderen og garden er truleg mellom dei eldste i Sunnylven. Ein skulle kanskje vente at eit nes med ein særskild skog, vart kalla skogsneset (skógarnes) eller at ein meir konkret skogsart vart nemnt, til liks med Furneset, Almane eller Seljeflot. Men ordet "lund" viser ikkje til eit konkret treslag og er oftast nytta om eit område der det vaks ein skog av frittståande lauvtre, som gjerne skilde seg ut som særmerkt i høve til naturen i nærleiken. Ordet har oftast ein poetisk eller religiøs undertone og ein kan då undrast på om namnet opphavleg skriv seg frå at der ein gong i tida var ein heilag lund, eller ein offerlund på neset.

 

MF Lundenes.jpg

Biletet viser Lundenes ved innløpet av Geirangerfjorden. Neset ligg om lag 6 km frå Hellesylt. Utdrag av eit bilete henta frå Wikimedia Commons.


Det skal finnast berre tre gardar i Noreg med dette namnet; dei to andre er lokalisert ved Kjeøy i Trondenes og ved Hardangerfjorden. I bokverket om norske gardsnamn er O. Rygh inne på tanken om at sistnemnde kan ha samanheng med ein heilag lund og viser til at Lundenes der ligg nær ved gudedyrkingstaden på Øystese. Det same teorien kan gjerast gjeldande for Lundenes i Sunnylvsfjorden som ligg relativt nær Hellesylt og Frøysadalen. Det er mykje som talar for at denne regionen var eit hovsokn i førkristen tid og dermed ein av dei sentrale stadane på indre Sunnmøre for dyrking av dei norrøne gudane. Ein kunne forvente at nær eit slikt gudehov fanst ein heilag lund, ein offerstad der kultiske handlingar var utført. Skogholt som var gitt ein religiøs funksjon i norrøn mytologi, vart gjerne kalla "lund", slik det er nemnt i Skirnesmål:

 

Barre heiter, som både me veit, lunden still og logn; om netter nie der Njord sin son av Gjerd fær gaman.

 

I verset ovanfor er det tale om sonen åt vaneguden Njord, som altså var Frøy!

Skirnesmål er eit kvad frå Den eldre Edda og der blir det fortalt om Skirne, Frøy sin skosvein, som  drog til Jotneheimen for å fri til Gjerd på vegne av herren sin. Gjerd var dotter til jotnen Gyme og kona hans, Aurboda.

 

 

 

23.10.2020

----------------------------

 

Kjelder:

 

Sunnylven og Geiranger II - P. A. Lillebø, Sunnylven Sogenemnd

https://www.nb.no/items/fb470b...

 

Edv. Hole (Christiania 1905) - Geiranger: en beskrivelse med billeder.

https://www.nb.no/nbsok/nb/a0a...

 

Jørgen Gjerding (1935) - Øydebruk i Sunnylven og Geiranger.

https://www.nb.no/nbsok/nb/94f...

 

O. Rygh : Norske Gaardnavne

https://www.nb.no/nbsok/nb/a26...

 

Hans Strøm - Beskrivelse over Fogderiet Søndmør (1766)

https://www.nb.no/nbsok/nb/ce11b4b1f048aebc809c494a0e3e0254?index=6#0

 

Skatteliste 1603 ("Pengeskatten") for Sunnmøre.

 http://folk.ntnu.no/ivarse/avs...

 

Edda, Det Norske Samlaget, 2002. Kvada er omsett til nynorsk av Ivar Mortensson-Egnund

25.10.2020