Av Bjørn Jonson Dale


Historie 1000–1850: «... de smukkeste Folk paa Søndmør»

Bøndene i dei inste fjordbygdene på Sunnmøre tenkte snautt på landskapet dei budde og verka i som fagert i seg sjølv før turistane kom og kalla landskapet deira nett dét. Dette var midt på 1800-talet, og bøndene tenkte nok sitt, men tok ikkje til motmæle.  

Dei visste av meir enn tusen års røynsle at fjord- og fjellskapet som omgav dei var mektig og fårleg, men samtidig rikt på alle slags naturressursar, lunnende. Turistane såg berre smørsida, ikkje den mørke, kalde og lumske vintersida. Dei opplevde korkje elvabrot, fonner, skred eller rasande kastevindar, og heller ikkje den langvarige vinterskuggen under styggbratte fjell. Bjørnabrak og ulveul var elles ikkje vanlege sommarlydar, heller ikkje hyla frå lam og kje som blei drepne av rovdyr og ørn om våren ...

 

Grøda var fager

Fagert for fjordbøndene var slikt som grodde, levde og auka: ei god kornavling, ein sunn buskap, ei fruktbar kvinne, ein veksande ungeflokk og stundom ein rosemåla bolle med øl. Derfor sa dei ikkje imot når turistane kalla sylkvasse tindar, djupfrosne blåbrear og svarte fjellsider «fagre». Bonden bad i staden turisten inn i stova, gav han god mat og drikke og sidan ei mjuk seng. Dagen etter tok han motvillig imot ein daler av framandkaren og viste han så den beste laksehølen i elva.

Dermed var ei ny næring fødd i desse bygdene, som alltid hadde hatt eit mangfaldig og godt næringsgrunnlag, kanskje det beste på Sunnmøre, om vi skal tru topografen Hans Strøm, som skreiv om dei i 1760-åra.

 

1028–1300: Frå trælar til frie menn

Men over 500 år før skreiv Snorre Sturlason om desse fjordbygdene, om hendingar som skjedde i 1028, då den flyktande kongen Olav Digre, seinare Heilag-Olav, landa med flóten sin der Valldalen ender i Storfjorden.  

Han blei teken godt imot av hovdingen Bruse på Muri. No var kongen ingen turist, og Bruse snautt noken turistvert, men kanskje er det ikkje tilfeldig at største campingplassen i Storfjorden ligg på Muri?

 

16 skipreide

På Bruse si tid var Sunnmøre delt i 16 skipreide, som kvart skulle stille eit skip med mannskap i tilfelle krig. Ombodsmann for kongen i skipreidet og på skipet heitte styresmann. Bruse kan ha vore ein slik. I fredstider kravde han inn skatt av bøndene og heldt retten ved lag. Når fiendar truga hadde han kommandoen over leidangsskipet og ein styrke på 120 mann, eller kvar tredje vaksne mann i skipreidet.

 

Verneplikt

Alle frie, våpenføre menn var vernepliktige, og krigstenesta gikk truleg på omgang. Utanom desse, flest bønder, fanst det trælar; nær rettslause folk som kunne avhendast som varer. Dei fekk ikkje bere våpen, men kunne vere kokkar på leidangsskipet. På 1300-talet var trælehaldet over og trælane i ferd med å bli frie, men minnet om opphavet deira kan ha halde seg svært lenge. 

 

1300-talet: Dei gode åra

Kring 1300 var Sunnmøre, frå dei inste dalar til dei ytste øyar, fullt folkesett. Alle ressursar som var tilgjengelege med den tids teknologi var utnytta til fullnads, og folkemengda var gitt av dette.   I kvart skipreide budde kring 1500 menneske og i sysla sin eigen by, kaupstaden Borgund, kan det ha budd kring 3000. Samla folkemengd på Sunnmøre var kring 27 000.

 

Hardt arbeid, men ingen svalt

På denne tida utgjorde dei inste fjordbygdene i sysla to skipreide. Dei aller fleste var bønder, og desse kan ha levd som etterkomarane på 1700-talet: godt. Til vanleg var det slett ikkje tale om svelt og naud, men arbeidet var hardt og noko overskot blei det snautt, for krona, kyrkja og jordeigarane skulle ha sitt av bonden.  

 

Høg status

For bøndene var leiglendingar, dei åtte korkje jord, hus eller, ser det ut til, buskap. Slik sett var dei meir jordbruksarbeidarar enn det vi no forstår med «bønder». Men dei var truleg nøgde, godt kledde og fødde som dei var. Ikkje minst var det rettsleg frie, som både symbolsk og praktisk kom til uttrykk ved retten og plikta deira til å eige og bere våpen. Jordtrælar elles i Europa kunne berre drøyme om ein like høg status som dei norske bøndene hadde.

 

Aristokratisk

Samfunnet var aristokratisk: Dei «høge», styresmenn, prestar og jordeigarar, styrte det meste, men samtidig var samfunnet tett, og avstanden mellom styrande og styrte var lita. Alle kjente kvarandre. Mennene møttest på tinga og alle, gamle og unge, kvinner og menn, høge og låge, møttest i kyrkja og på kyrkjebakken.

 

Noreg var stormakt

Vi veit ikkje om folk var lukkelege, men det rådde fred, lov og orden, og det fanst jamvel skipnadar som tok seg av dei som fall utanfor. Noreg var ein av dei mest veldrivne statane i Europa, bygd på eit einskapleg lovverk, eit lite korrupt byråkrati og ein forsvarsskipnad med stor folkeleg deltaking. Og Noreg var ei stormakt.

 

1349–1500: Svartedauden og stagnasjon

Slik var det enno midt i 1340-åra. Så kom Manndauden hausten 1349, drepsotta som la to tredjedelar av nordmennene i grav.  

 Staten og samfunnet kunne ha overlevd éin slik katastrofe, men fleire katastrofar følgde, både drepsotter og masseutvandring, og i 1520, 171 år etter Manndauden, var folkemengda på Sunnmøre snautt større enn 4500, eller 1/6 av det ho hadde vore i 1340-åra. Folketapet 1349–1520 var på nær 85 prosent. Heile bygder låg aude, og i dei fleste bygdene elles var berre éin eller to gardar i bruk. Dyrkajorda var for det meste overgrodd og øydelagd, dekt av tjukk fureskog.

 

Fjordbygdene hardt råka

Øydelegginga gikk verst ut over dei inste fjordbygdene, som i 1520 kanskje bare hadde 10 prosent av folkemengda før Manndauden. Dette er enno uforstått, for det dreidde seg om dei beste bygdene på Sunnmøre, og dei som skulle vere minst utsette for smittsame sjukdomar sidan dei største ferdsleårene, smitteårene, gikk langs kysten.

 

«Ny tid»

1520 var eit økonomisk og demografisk lågmål for desse bygdene, men sidan bar det opp og fram. Vi kan med rette tale om at ei «ny tid» var innleidd. Og i Noreg blir tidbolken frå 1537 og utetter kalla Nytida. På sett og vis dreidde det seg om å rydde og byggje landet på nytt, for dei inste fjordbygdene omtrent frå grunnen av.

 

1500 – 1700: Fjellgardane blir rydda

I mellomalderen budde fjordbøndene i dalbotnane og langs strendene, slik forfedrane deira hadde gjort i tallause ættledd. Frå 1500-talet og utetter blei desse gardane gjenrydda og atter folkesette, slik ein kunne vente.

Samtidig hende noko nytt: Folk tok til å rydde og bygge på stadar der ingen før hadde budd, høgt til fjells, i utilgjengelege hengedalar, på hyller høgt over fjorden og på bratte strandsider. Dei busette seg der, frå vår synsstad, «ingen kunne tru at nokon kunne bu». Der dei før hadde budd i store tun med mange grannar, budde dei no mest for seg sjølve, på einbølte gardar med lang veg til næraste granne.

 

Årsaka er uklar

Denne nye busetnadsmåten hadde vore lettare å forstå dersom han først oppsto etter at dei gamle dale- og strandgardane var fullbygde. Men slik var det ikkje. Folk sette bu på dei mest utrulege og avsides stadar lenge før den tid, og vi veit ikkje korfor. Flykta dei frå fellesskapet på dei gamle gardane, eller fekk dei ikkje vere med i det? Var dei redde for smittsame sotter, eller bar dei sjølve på smitte?

 

Fattigdommen rådde

Vi kan tenke oss at ein bonde på ein einbølt gard på ei berghylle, ei «flå», eit «drag», ein «hammar» eller «hjell», stuphøgt over fjorden hadde betre økonomiske utsikter enn bonden på ein dalegard. Men dette var snautt tilfelle, sjølv om vi har, eitt, døme på at folket på ein slik einbølt gard blei rike. Regelen var at fattigdomen rådde på desse gardane, også etter at somme av dei etterkvart blei fleirbølte, nokre jamvel små bygder.

 

For dei få

På 1700-talet, då dei inste fjordbygdene på Sunnmøre atter var nær fullt folkesette, budde bønder flest ikkje på desse ekstremgardane, men på dale- og strandgardar. Likevel er det denne svært synlege og like «usannsynlege» busetnaden langs fjordane som pregar bildet vårt av området, eit bilde skapt av turistperspektivet. Men berre få bønder budde så fattigsleg og  fårleg til.

Desse ekstremgardane er no eit varemerke for verdsarvsområdet, men dei er ikkje på noko vis representative for den historiske røyndomen, der dei var avviket meir enn det vanlege. Dei låg både symbolsk og konkret utanfor normalsamfunnet, i ei slags sosio-geografisk utlegd.  

 

1700-talet: Hans Strøm

I 1750-åra sette teologen Hans Strøm (1726–) seg føre å skildre Sunnmøre både «physisk» og «oeconomisk», og i denne skildringa (publisert i 1762 og 1766) kom dei inste fjordbygdene i futedømet best ut på dei fleste felt. Om Norddal sokn skreiv han:

Indbyggerne selv befindes overhovedet at være meere føre og velvoxne end sædvanlig, og kan saavel i Henseende til Klæde-Dragt som Skabning fortiene at kaldes de smukkeste Folk paa Søndmør. De er og i Almindelighed meget arbeidsomme ...

 

Jordisk paradis?

Strøm står fram som panegyrisk i omtalen sin av tilhøva i Norddal, Geiranger og Sunnylven; det lyder som om han hadde funne eit jordisk paradis i desse bygdene, og ein kan mistenke han for både idyllisering og romantisering. Samtidig veit vi at han hadde fare om på heile Sunnmøre, og hadde mykje å samanlikne med. Det var ingen ting i vegen med empirien hans, og han vegra seg ikkje for å karakterisere andre sunnmørsbygder temmeleg negativt.  

Strøm var fødd og oppvaksen i det mest urbaniserte området på Sunnmøre, Borgund, der både den største rikdomen og den største fattigdomen var samla, og der standsskilnadane var størst. I dei inste fjordbygdene fann han eit samfunn som var meir egalitært, både økonomisk og sosialt, og der bøndene levde godt og langt på veg sjølvberga.

 

Sjølvberging

Dei dreiv rett nok eit visst varebyte med omverda, men for det meste klarte dei seg sjølve. Kornavlingane deira var oftast tilstrekkelege og det buskapane deira kasta av seg, budråtten, var rikeleg på grunn av dei veldige beiteområda som fanst. Dette førte til at bøndene kunne ete både mykje og, ikkje minst, sunt, noko som i sin tur gjorde at dei blei meir «føre og velvoxne» enn folk flest på Sunnmøre, og at dei kunne kle seg betre enn vanleg. 

 

1800-talet: Jordbruksrevolusjon trugar harmonien 

Desse «smukke» folka hadde også stor arbeidslyst. Dei brukte gardane sine med flid, og i «fritida» dreiv dei kunstnarlege eller kreative verksemder, alt frå smiing, snekring, dreiing og tønnemaking til veving og farging. Og dei var glade i musikk. Stundom kunne ein i eitt hus finne to-tre personar som trakterte enten fele eller langeleik, stundom også harpe.

Paa denne Maade henbringer Folket sin Tid med Fornøielse, og det saa meget meere, som de ikkun lidet vide af Sygdomme at sige, og befindes derfor ofte at have opnaaet en usædvanlig høi Alder…

Ja, reint luft og reinsdyrsteik var også med å gjere bondehelsa god, føygde Strøm til.

 

Høg gjennomsnittsalder

Kan vi tru han på dette? Kanskje, for vi har ikkje så mykje anna å halde oss til. Det som er visst er at folk i desse bygdene enno, nær 250 år etter at Strøm skreiv, oppnår ein svært høg gjennomsnittleg levealder.

 

Hadde lita makt

Det Strøm ikkje skreiv eitt pip om var det «politiske». Dei fagre, sunne og kreative bøndene han skreiv om, hadde lite dei skulle ha sagt i den tids samfunn, og jorda dei brukte var ikkje deira eiga. Strøm sine idealbønder var både maktes- og, langt på veg, eigedomslause, og det er ikkje likt til at han såg dette som noko problem, og kanskje såg ikkje bøndene i dei inste fjordbygdene det slik heller ...

Den strømske idyllen, i den grad vi kan tru på han, varte snautt lenger enn til ut i 1850–60-åra, då eit aukande folketal, gjort mogleg av ein liten jordbruksrevolusjon, tok til å truge den gamle harmonien i dei inste fjordbygdene. Samtidig opna nye utvegar seg, utvandring på den eine sida, turisme på hi. Men dette er ei anna soge.