Bilalderen i kjømda

Etter første verdskrigen var bilalderen i kjømda, og M/B «Rollo» hadde ikkje plass for bilar. I 1925 var det slutt. M/B «Rollo» vart flytta til ruta mellom Ålesund og Vartdal, og D/S «Rauma» kunne ta med bilar. Formasta vart tatt ned og vinsjen fjerna. Det vart lagt sliskar over rekkene, og dermed fekk ein plass til fire bilar på tvers, to i brønnen og to på bakken. Dei første åra gjekk båten frå Sjøholt til Hellesylt og Geiranger i samsegling med D/S «Bilfergen» som tok seg av turistbilane.  Då vegen over Strandafjellet var opna i 1937, kutta ein ut den ytste delen av ruta, slik at D/S «Rauma» bere gjekk mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger. Utanom turistsesongen gjekk Rauma på ruter i Romsdal. Etter ombygging til dieseldrift i 1950, gjekk båten i rute på Hjørundfjorden.

BILFERGEN1924a.jpg

"Bilfergen" gjekk i rutefart til 1960.

Det var Aalesunds Automobilklubb som tok over den halvferdige båten som var tenkt å skulle bli ein fiskebåt, men som vart omgjort til å bli ei bilferje, den første i Møre og Romsdal, sjøsett i 1921. Opprinneleg tok «Bilfergen» bilane inn på tvers, men i 1934 vart ho ombygd og modernisert slik at bilane kunne køyre om bord frå fronten. I Geiranger hadde bilturismen gjort seg gjeldande, og skulle bilane kome seg vidare derifrå, måtte det ei ferje til. MFR fekk leige «Bilfergen» og sette henne inn på strekninga Geiranger-Hellesylt. I 1922 kjøpte fylkesreiarlaget båten, og «Bilfergen» gjekk i rutefart til 1960. Seinare er ho blitt freda og blir drifta av ei venneforeining.

 

Ferja – bru for bilen

Det var overingeniør Elias Grønningsæter ved Vegkontoret som utarbeidde den første ferjeplanen i landet. Han skreiv at det må til ein kombinasjon mellom bilen og ferje eller dampskip. Båten må ta på seg å vere bru for bilen. Planen kom i 1929 og Grønningsæter var pioner i ferjealderen. Doktor Bastian Weiberg Aurdal i Ålesund hadde nok merka seg Grønningsæter sin plan. Han hadde gard i Sykkylven, og hadde behov for å ta med seg bilen dit. Han kontraherte difor ei bilferje, B/F «Raana», på 29 bruttotonn, som tok tre bilar og 50 passasjerar. Det fungerte så bra at i 1937, det året også vegsambandet frå Sykkylven til Stranda vart opna, kjøpte MFR B/F «Raana» og sette henne i drift mellom Magerholm og Aure med namnet B/F «Sykkylvsfjord».  

 

Geiranger i Valldal.jpg

Turistferga B/F "Geiranger". Sommaren 1937 kom ho for første gong til Geiranger.

Turistferja

Etter at Trollstigvegen var opna 1. august 1936 forventa styresmaktene ein endå større auke i turisttrafikken, og det måtte leggast til rette for det. Difor tok staten på seg å koste ei ny og spesialbygd turistferje som skulle trafikkere på fjorden mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger. Den nye ferja fekk namnet B/F ”Geiranger”, men sidan Møre Fylkes Rederi alt hadde ein dampdriven passasjerbåt som heitte D/S ”Geiranger”, så måtte denne omdøypast, og fekk namnet D/S ”Ivar Aasen”. Den nye ferja hadde plass til 16 bilar og 274 passasjerar. Kaptein på jomfruturen inn til Geiranger var Georg Aasebø. 11. juli 1937 vart den nye ruta opna og B/F ”Geiranger” kom for første gong til fjordbygda. Ny ferjekai var på plass. Med ymse avbrot gjekk B/F ”Geiranger”  i turistruta på fjorden frå 1937 og fram til 1966, og denne ferja  saman med B/F ”Valldal” som gjekk i same ruta, fekk utan tvil mykje å seie for framveksten av turismen i dette distriktet. Både to og tre tur-returturar for dag vart det i høgste turistsesongen.  Om bord i Geiranger vart det etter kvart guiding over høgtalaranlegget, og matservering i salongen oppe. Ferja var ein kjær gjest på fjorden.

Under krigen var det nesten slutt med turisttrafikken, og B/F ”Geiranger” var tidvis teken i bruk til andre formål. I 1941 vart ho brukt til å reise rundt i fjordbygdene for å samle inn høy som tyskarane hadde kjøpt til hestane sine. Ferja vart lasta opp med tørt høy, slik at ho nærast såg ut som ei høysåte der ho gjekk ut fjorden. Høyet skulle til Åndalsnes, og brukast til fôr for dei tyske militærhestane. Ferja var komen i nærleiken av Magerholm då det tok til å brenne om bord. Bålet var synleg i vid omkrins, og det lykkast heldigvis kaptein Aasebø å køyre B/F ”Geiranger” på land like ved dagens ferjestø på Magerholm. Dermed kunne brannvesen kome til og få sløkt brannen. Tyskarane bygde ferja opp att, og ho var i drift fram til 1947, då ho var på veg frå fjordbygdene til Åndalsnes fullasta med møblar. Også då tok det til å brenne, og ferja vart på nytt køyrt opp i fjøra i Kringstadbukta vest for Molde. Det var 24 hestar om bord. 18 av desse brann inne. Denne gongen også vart ferja bygd opp att.

 

Geirangerbrann-Magerholm.jpg

Under krigen nytta tyskarane "Geiranger" til å frakte høy. Ved Magerholm tok lasten fyr og ferga vart sterkt brannskadd. Ho vart likevel sett i stand att av tyskarane.

Nye vegsamband

15. september 1955 vart Ørnevegen opna, og det vart vegsamband mellom Geiranger og Eidsdal, og frå 1.juli 1956 vart det opna ferjerute mellom Eidsdal og Valldal med seks turar dagleg i sommarsesongen. Året etter var ferjekaia på Overåneset ferdig, og  Overåneset vart fast stoppestad på sambandet Valldal-Stranda- Hellesylt-Geiranger. Opninga av vegen mellom Stranda og Hellesylt 22. september 1962 gjorde at ferjesambandet Stranda-Hellesylt vart sløyfa, og det vart oppretta rute Geiranger-Valldal med tre turar dagleg, og ei rute Geiranger-Hellesylt med fire turar dagleg (fem turar i høgsesongen). Sommaren 1969 var siste året der var ferjerute Geiranger – Valldal, før ruta vart gjenoppretta som eit kommersielt prosjekt i nyare tid.

I den tidlegare turistruta som D/S «Rauma» hadde gått i, frå Dyrkorn til Stranda og Valldal, vart B/F «Bilfergen» sett inn i 1946. Året etter gjekk B/F «Farmann» i rute mellom Hellesylt, Geiranger, Stranda, Stordal og Dyrkorn. I åra 1948-55 var det også i sommarsesongen ei eiga bilferje mellom Dyrkorn, Stordal og Stranda som korresponderte med B/F «Geiranger» på Stranda.

Om vinteren gjekk bilferja «Julsund» frå Geiranger om morgonen måndag, onsdag og torsdag med anløp av Hellesylt, Stranda, Stordal og Dyrkorn, men etter at vegen mellom Dyrkorn og Stordal vart opna den 21. juli 1956, vart Stordal endepunkt for denne ruta som var i drift fram til sommaren 1963. Då var ferjeruta Hellesylt-Geiranger og Eidsdal-Valldal den einaste resten av den gamle turistruta. Overåneset ferjekai frå 1957 vart endepunkt for ferje både frå Valldal og frå Eidsdal og Stranda. Våren 1967 vart riksvegen ferdig fram til Linge og ny ferjekai bygd der. Fram til riksvegen mellom Overå og Linge vart opna sommaren 1975, var det ferjerute mellom Linge og Overåneset, men med vegsambandet vart Overåneset ferjekai  etter kvart nedlagt. Ferjeruta mellom Stranda og Stordal var i drift fram til veg vart bygd frå Ringset og ned til Gravaneset, og ny ferjekai vart ferdig der sommaren 1979. Då vart det ferjesamband mellom Stranda og Gravaneset. 

GeirangerStranda.jpg


B/F "Geiranger" utanfor Stranda.

Sambandet mellom Tafjord og Valldal vart gjennom 1920- og -30-åra halde oppe ved hjelp av motorbåtruter og dampskipsruter, men frå 1946 vart Tafjord kopla til ei ferjerute frå Dyrkorn, som vart kortare og kortare etter kvart som vegløysinga langs fjorden kom nærare og nærare. I 1970 var det i sommartida 31 ferjeavgangar frå Tafjord til Valldal eller Linge kvar veke, og 19 avgangar utanom sommarsesongen. Våren 1982 vart vegen Fjørå-Tafjord ferdig, og ferjeruta til Tafjord nedlagt.

I 1973 vart riksvegen Aure-Ørsneset i Sykkylven ferdig og ny ferjekai bygd på Ørsneset. Frå 1973 var det slutt med ferje frå Aure. Ho gjekk i staden i det innkorta sambandet mellom Magerholm og Ørsneset, og med etter kvart over 50 turar i døgnet.